Herold

Å reise i Noreg er også ei språkleg reise

Plus
Kilde: Hordaland Author: Peder Lofnes Hauge, leiar, Noregs Mållag Published: 2026-03-16 11:37:01
Å reise i Noreg er også ei språkleg reise

Nettsida Visit Norway er ei storsatsing som gjer det enklare å reise i Noreg. Den viser fram tusenvis av lokale reiseverksemder, attåt fine bilete og gode idear til opplevingar og feriereiser. God bruk av skattepengane, men snautt ein tekst på nynorsk. Anten er det bokmål eller omsett til åtte andre språk.

Alle veit at nynorskområda er svært attraktive og populære reisemål. La difor denne reisa også bli ei språkleg reise i Noreg! I 2022 sa landsmøtet i Noregs Mållag at dei ville ha meir nynorsk hjå Visit Norway. Vi sende brev til Visit Norway, og vi fekk svar om at det var ei nyttig påminning, og at Visit Norway ville gjere ein jobb for å skrive nynorsk og følgje språklova.

I dag, fire år etter, les vi oss gjennom nettsida, og vi finn framleis svært lite på nynorsk. Bortsett frå lokale reiselivsaktørar som skriv på nynorsk om seg sjølve.

Mållaget meiner at Visit Norway bør veksle mellom nynorsk og bokmål. Språklova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk. No er det på tide at Nærings- og fiskeridepartementet tek språkleg ansvar og gjev Innovasjon Noreg og Visit Norway eit skikkeleg nynorskoppdrag. Noreg er utruleg mangfaldig, også språkleg. Det bør turistane oppdage når dei byrjar reisa hjå Visit Norway.

I love the smell of nynorsk in the morning

Voss passerte magisk grense i rekordåret 2025: – Det er dette me jobbar for!

Nytt prosjekt gjev fleire gratis transporttilbod vinterstid: – Vil utjamna forskjellar og redusera utslepp

Gry opplevde knallår med ny rekord for Voss: – Trur på ny vekst dette året

🏷️ Extracted Entities (5)

Innovasjon Noreg (person) Nettsida Visit Norway (person) Noregs Mållag (person) Nærings (entity) Voss (entity)