Ei samla takk frå Rasdalen til Avisa Hordaland
Plus
Takk til Avisa Hordaland
Eg vil rette ei oppriktig takk til Avisa Hordaland for den grundige og uvanleg gode oppfølginga i samband med at Voss herad har føreslått privatisering av kommunale vegar – deriblant Rasdalsvegen.
Gjennom heile prosessen har avisa vist eit engasjement og ei journalistisk grundigheit som har hatt stor verdi for oss som anten bur eller har hytte i området. Forsider, dobbeltsider, reportasjar frå protestmøtet i Rasdalen og personlege intervju har løfta saka fram i det offentlege rommet på ein måte som elles ikkje ville vore mogleg.
Særleg vil eg framheve korleis redaksjonen tok ansvar då heradet ikkje svara på purringar i etterkant av høyringsinnspela. At avisa då valde å gå vidare med eigne undersøkingar – utan å bli beden om det – viser ei presse som tek samfunnsoppdraget sitt på alvor.
Sjølv om saka enno ikkje er endeleg avgjord, er det liten tvil om at den grundige dekninga har hatt mykje å seie. At privatiseringa av Rasdalsvegen no er utsett, skuldast heilt sikkert fleire forhold – men avisa si tydelege og vedvarande oppfølging har utan tvil vore ein viktig del av biletet.
Takk for at de har gjeve denne saka den merksemda ho fortener, og for at de har stått på for openheit, innsyn og ei opplyst lokal offentlegheit.
No er innstillinga ferdig om framtida til vegen: – Treng avklaringar
– Når fakta er feil, og innbyggjarar blir møtte med tausheit, då må politikarane gripa inn
Rasande krisemøte etter forslaget til heradet