Herold

Regulering og sal av tomt i Strandavegen – politisk handsaming

Plus
Kilde: Hordaland Author: Arvid Birkeland, Samfunnsengasjert ibuar på Voss, frå Åsane. Published: 2026-03-16 13:47:38
Regulering og sal av tomt i Strandavegen – politisk handsaming

Saka om regulering og sal av tomtene i Strandavegen vert no lagd fram for politisk handsaming. Det betyr at avgjerdene ikkje lenger berre er tekniske eller administrative; dei er politiske val som får direkte verknad for fellesskapet sine verdiar, for marknaden og for tilliten til heradet som forvaltar.

Når politiske organ skal ta stilling til både regulering og sal, må grunnlaget vere heilt ope, fagleg forsvarleg og utan rom for uklare premiss eller private føringar. Politikarane skal ikkje setjast i ein situasjon der dei må ta stilling til uavklara rettar, uklare kostnadskrav eller prosessar som ikkje kan prøvast i ettertid.

Saksutgreiinga syner at stoda i Strandavegen er både samansett og tidssensitiv. Dei to tomtene, gnr. 49/65 og 255/159, ligg i eit område der detaljregulering enno ikkje er vedteken. Samstundes er røyndommen den offentleg mynde må sikra fylkesvegen mot erosjon og fare for utrasing. Dette krev samordna tiltak, men det krev òg ryddige prosessar som kan prøvast i ettertid.

Det grunnleggjande prinsippet må vere at reguleringsplanen ligg føre før sal vert gjennomført, planen avgjer kva tomta kan nyttast til, og dermed kva ho er verd. Å selje før reguleringsrammene er avklara, er å selje ein uavklara rett, noko som svekkjer heradet sitt grunnlag for å vise at fellesskapet får rett pris og som opnar for mistanke om forskjellsbehandling?

Eit sentralt moment i denne saka er at heradet sine etiske retningsliner for sal av eigedom er under arbeid. Desse retningslinene skal nettopp sikre open framgangsmåte, likehandsaming og etterprøvbare prosessar ved avhending av offentlege verdiar. Når slike retningsliner er under utarbeiding, er det særleg viktig at heradet ikkje gjennomfører sal før dei er vedtekne og tekne i bruk. Å selje eigedom medan regelverket er i endring, vil skape uvisse, svekkje tilliten til prosessen og gjere det vanskeleg å forsvare avgjerdene i ettertid.

I tillegg til dette hovudpoenget må vi ta opp både heimelsspørsmålet og dei praktiske følgjene av å la private aktørar setje i gang tiltak som seinare blir kravde dekka av eventuelt andre kjøparar. Det kan ikkje vere slik at ein aktør «rissar opp» ei tomt, tek initiativ til kostnadskrevjande regulering eller sikring, og deretter krev at ein annan kjøpar skal refundere desse utgiftene. Ein slik praksis skaper moralsk risiko, forvirrar marknaden og undergrev tilliten til heradet som forvaltar av fellesskapet sine verdiar.

Rettsleg sett finst det verkemiddel som kan nyttast for å fordele kostnader mellom partar, heradet kan stille vilkår ved sal, inngå utbyggingsavtalar etter plan- og bygningslova, og tinglyse heftingar eller servituttar som følgjer eigedomen. Men desse verkemidla krev klar avtalerettsleg forankring, tydelege og høvesmessige vilkår, og rettsvern gjennom tinglysing.

Konsekvensane av å akseptere at private kan pådra seg kostnader som seinare blir velta over på andre, er mange. Prissignala i marknaden vert svekte, kjøparar veit ikkje kva dei faktisk kjøper, og viljen til å by i ein open prosess kan verte redusert. Heradet kan bli trekt inn i tvistar og erstatningskrav, noko som kostar både pengar og omdøme. Endå viktigare er at ei slik praksis opnar for spekulasjon og ukoordinerte tiltak som ikkje nødvendigvis er fagleg forsvarlege eller i fellesskapet si interesse?

Difor må heradet krevje at alle krav om kostnadsdeling er skriftlege, sakleg grunngjevne og aksepterte i avtale før arbeida startar. Dersom kostnader skal følgje eigedomen, må dette sikrast ved tinglyst hefting eller servitutt som gir vern mot tredjemann. Utbyggingsavtalar kan nyttast, men dei må inngåast i samsvar med planprosessen sine krav til open framgangsmåte og lik handsaming, og dei må ikkje brukast til å omgå reglar om offentleg konkurranse. Heradet bør òg krevje garantiar eller bankgarantiar frå den som set i gang tiltak, slik at fellesskapet ikkje sit att med uavklarte krav.

Praktisk bør heradet følgje ein to-spora strategi, prioritere akutte sikringstiltak som ikkje avgrensar konkurransen, og vente med sal til detaljregulering er vedteken og dei etiske retningslinene for eigedomssal er vedtekne og tekne i bruk. Når sal blir aktuelt, må det skje gjennom ein open og konkurransebasert prosess der alle vilkår for kostnadsdeling er tydelege, skriftlege og rettsleg forankra. Dette sikrar at prisen blir fastsett av marknaden, at vilkåra kan prøvast i ettertid, og at heradet opptrer som ein ansvarleg forvaltar av fellesskapet sine verdiar.

Å vente på reguleringsplanen og gjennomføre sal i ein open marknad, med klare etiske retningsliner på plass som vert styrande, er ikkje berre god forvaltningsskikk, det er ein føresetnad for å verne fellesskapet sine verdiar, sikre rettstryggleik og halde oppe tilliten til at offentlege ressursar blir forvalta på ein rettvis og forsvarleg måte. Det burde vere sjølvsagt å stå opp for desse prinsippa.

Her vil dei riva bygget og gje plass til opp mot 50 sentrumsnære bustader

Dette prosjektet har fått klarsignal. Framleis motsegn mot Strandavegen og nye Park Hotel

Møter motstand frå fleire hald: – Reknar med å løysa det meste

Store planar i Strandavegen: Her kan det koma nærmare 80 nye leilegheiter

🏷️ Extracted Entities (2)

Strandavegen (entity) Park Hotel (organization)