Ny storm på veg: – Hald på hatten
Plus
– Bur du på Vestlandet? Hald på hatten, tysdag blir vindfull, melder Meteorologisk institutt.
– Natt til tysdag tek vinden til å auke til sørleg stiv til sterk kuling. Frå føremiddagen ventar ein sørleg liten storm mellom Bergen og Ålesund, melder meteorologane.
Vinden skal avta natt til onsdag, men det vil framleis blåse friskt nord for Stad.
Vakthavende meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Anne Solveig Andersen, seier til BA at vinden truleg blir verst nord på Vestlandet.
– Befinner du deg ved kysten, kan det vere lurt å følge med, seier ho, og peikar på at vinden vil vere kraftigare der enn til dømes i Bergen.
Frå torsdag av ser det ut til at vi går mot tørrare, lysare dagar. Då blir det fleire dagar på rad med opplett, laber bris og rundt 8 plussgrader.
vêr florø
🔗 Related Articles (1)
View Graph