Herold

Nye krefter i Hjørnevikhuset: Kva kjem her?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-03-16 23:23:00
Nye krefter i Hjørnevikhuset: Kva kjem her?

Det er på gang ny drift i Strandgata 28, der tidlegare Europa Restaurant heldt til.

Sidan september 2025 har lokalet vore mørklagt. Dei som følger ekstra godt med på det som rører seg i Florø sentrum, har nok registrert ny aktivitet i lokalet.

Ein av huseigarane, Dag Eliassen, bekreftar at dei har signert kontrakt med nye drivarar. Han er sparsam med opplysningar om kven og korleis satsinga blir, i det ærverdige bygget frå 1861.

I næringslivsloggen har vi tidlegare meldt at selskapet Chico Brand AS med dagleg leiar Ingvill Øygard er etablert. I februar søkte innehavaren Kinn kommune om skjenkeløyve til adressa Strandgata 28.

Vi trur mange set pris på at nokon igjen satsar og får nytt liv i hovudetasjen til Hjørnevikhuset.

Det har blitt nokre selskap som har prøv seg, men ingen har lukkast med langvarig drift slik som Vesle Kinn i første etasje. Ølkaféen opna dørene i 2017 og har utvilsamt funne si suksessoppskrift.

Dei som skal gi byen eit nytt tilbod held førebels korta tett til brystet, så her må berre vente i spenning på ei vårløysing.

Sjå glimt frå Hjørnevikhagen 2004–2025

Her kjem Vesle Kinn

Vesle Kinn – ein annleis uteplass

🏷️ Extracted Entities (9)

Hjørnevikhuset (entity) Vesle Kinn (person) Strandgata (entity) Chico Brand AS (organization) Dag Eliassen (person) Europa Restaurant (organization) Florø (entity) Hjørnevikhagen (entity) Ingvill Øygard (person)