Ei tynn «hinne» held Noreg saman
Ei tynn hinne held Noreg saman
Rundt om i Noreg går det ei stille uro.
I samtalar rundt kjøkenbord og i møte mellom folk kjem dei same orda igjen: noko er i ferd med å endre seg.
Det kjennest som om samfunnet vårt blir halde saman av ei tynn hinne av tillit. Den hinna har alltid vore Noregs styrke. Arbeidsfolk har betalt skatt fordi dei har hatt tru på fellesskapet. Folk har akseptert systemet fordi dei har hatt tillit til at staten står der når livet blir tungt.
Men stadig fleire kjenner at denne tilliten blir strekt.
Tempoet i endringane er høgt. Noreg skal bli best i alt – best på klima, teknologi og reguleringar. Ambisjonar er bra, men for mange kjem krava raskare enn kvardagen klarer å bere.
Reglar blir fleire. Systema blir meir kompliserte. Mange folk heng ikkje med.
Arbeidsfolk med kroniske smerter går framleis på jobb kvar morgon. Unge par vil slå seg ned i bygdene dei vaks opp i, men bustader blir kjøpte opp og leigde ut til turistar. Bygder risikerer å bli kulissar – stader folk besøker, men ikkje stader folk kan bu.
For finnmarkingar blir dette ekstra tydeleg.
Finnmark ligg ytterst mot Ishavet. Avstandane er enorme, vinteren er lang, og det bur få menneske der. Samtidig kjem store delar av landets verdiar nettopp frå nord – fisk, energi og hav.
Likevel opplever mange i Finnmark at det blir dyrare å leve der ressursane kjem frå.
Finnmarkingar burde kunne kjenne litt av fellesskapet sine fordelar – til dømes rimelegare straum eller drivstoff. I staden opplever mange det motsette.
Eg har ei kjensle som mange andre:
Vi kjem kanskje aldri til å sjå noko verkeleg positivt frå oljefondet i vår landsdel.
Verdiane frå nord har i generasjonar vorte henta ut. Men mykje av verdiskapinga har forsvunne sørover.
I snart tjue år har vi høyrt om den store nordområdesatsinga. Ho vart løfta fram som ei historisk prioritering av nord. Men for mange av oss som bur her, er det vanskeleg å sjå resultata i kvardagen.
Mange opplever tvert imot det motsette.
Avstandane blir ikkje kortare.
Tenester blir ikkje fleire.
Og kostnadene ved å leve i nord går ofte opp.
Samtidig opplever mange heilt vanlege arbeidsfolk at systemet blir stadig strengare.
Folk som har arbeidd eit heilt liv, og som i periodar treng litt støtte frå velferdsstaten, møter stadig fleire krav, meir kontroll og meir byråkrati.
Minstepensjonistar får beskjed om å oppgradere kloakkanlegg til ein kvart million kroner for å få bruke sitt eige hus.
Når slike reglar møter menneske utan pengar, oppstår ikkje berre frustrasjon.
Det oppstår avmakt.
Samtidig aukar psykiske plager i samfunnet. Mange slit. Bak statistikken ligg menneske som prøver å halde kvardagen saman.
Noreg er framleis eit godt land. Men styrken vår har aldri berre vore pengar eller olje.
Styrken har vore tillit.
Tillit mellom folk.
Tillit til styresmaktene.
Den tilliten er ikkje borte.
Men mange kjenner at ho blir strekt.
Og fleire byrjar stille det same spørsmålet:
Kor mykje meir skal folk klare å bere –
før den tynne hinna til slutt raknar?