Herold

Her har folk skada føter og kne: No blir det ordning

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-15 23:17:00
Her har folk skada føter og kne: No blir det ordning

Prosjektet har tatt store steg.

– Alle som har gått opp Eldsfjelet frå den sida veit at det er mykje røter, jord og veldig bratt. Så det har vore ein del som har skada både fot og kne.

Dette er hovudgrunnen til at Nordre Holsnøy IL og Alver kommune har sett i gang arbeidet med å lage trapper på deler av vegen frå motocrossbana på Rossland og opp til eit av dei mest ikoniske fjella i Nordhordland.

– Då kan fleire få oppleve turen til Eldsfjellet og dagsturhytta Eldsbu. Samarbeidet har fungert flott og vi har fått støtte frå Sparebanken Norge i Knarvik og Olav Thon-gruppa, i tillegg til spelemidler, seier Geir Ove Dalland, i NHIL.

På den 250 meter høge fjellmassiven ser ein langt i alle retningar.

Raskt i gang

Måndag førre veke sette entreprenør i gang med snikkararbeidet, medan frivillige frå idrettslaget har bore material.

Dalland fortel at det heile har kome i stand raskare enn dei hadde rekna med.

– Vi trudde vi først kunne kome i gang i sommar.

Framleis er det mykje arbeid som gjenstår før siste trappetrinn er på plass, men Dalland forsikrar om at det er fullt mogleg å bruke stien også i arbeidsperioden.

Målet er at flest mogleg uansett føresetnader skal kunne ta turen. Og kvart trappetrinn hjelper.

Difor har idrettslaget ei ordning der folk kan sponse trinna.

– Privatpersonar og bedrifter kan få namnet sitt på eit trappetrinn. Og dette har vist seg å vere veldig populært

🏷️ Extracted Entities (13)

Geir Ove Dalland (person) Alver (entity) Eldsbu (entity) Eldsfjelet (entity) Eldsfjellet (entity) Knarvik (place) NHIL (entity) Nordhordland (place) Nordre Holsnøy IL (organization) Olav (entity) Rossland (place) Sparebanken Norge (person) Thon (entity)