Køyrde i fjellveggen: Mistanke om aktlaus køyring
Plus
Søndag kveld drog politiet ut til Radøyvegen etter melding om eit køyretøy som krasja i ein fjellvegg.
– Rundt klokka 22:30 søndag kveld fekk vi melding om ei trafikkulykke på Radøyvegen. Det var ein person involvert, seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik til NH.
Føraren køyrde i ein fjellvegg, like ved Sæbøvågen.
– Det var ikkje personskade som følge av hendinga, men litt mindre materielle skadar på køyretøyet.
Bilbergar var på staden for å hente køyretøyet klokka 00:00.
Hordvik opplyser om at det er oppretta politisak rundt hendinga, men presiserer at det ikkje er mistanke om ruskøyring.
– Men vi mistenkjer aktlausheit. Vi har ikkje føretatt noko førarkortbeslag.
Føraren er ein person i slutten av 20-åra.
Elles kan Hordvik opplyse avisa om at det har vore ei forholdsvis roleg helg for politiet i Nordhordland.
Natt til måndag 16. mars var Nordhordland politistasjonsdistrikt ute og heldt fartskontroll langs Lindåsvegen ved Åse, rett nord for Isdal.
– Ingen reaksjonar. Så det var bra.