Ferdig med gransking etter dødsulykka på Mongstad
Plus
Den 17. september 2025 omkom 25 år gamle Yahye Nuur Hussein frå Sverige i ei ulykke på Mongstad-anlegget.
No er Equinor ferdig med si interne gransking.
Ulykka skjedde då arbeidarar skulle løfte varmevekslarar. Ein krankrok hekta seg uventa fast i ein bolt på ein av varmevekslarane.
Dette førte til at Nuur Hussein kom i klem mellom to av varmevekslarane. Det vart sett i gang livreddande førstehjelp med ein gong, men livet stod ikkje til å redde.
Han var tilsett i bemanningsselskapet Nidab og var utleigd til Crane Norway.
– Prega oss sterkt
– At ein medarbeidar mistar livet på jobb rører ved oss alle. Tankane mine går til dei næraste, seier konserndirektør i Equinor Irene Rummelhoff til NH.
Ho seier at granskinga er viktig for at dei skal lære å unngå at noko liknande skjer igjen. Også anleggsdirektør på Mongstad, Bernt Edvard Tysseland, fortel om ei tung tid:
– Ulykka pregar organisasjonen vår på Mongstad sterkt. Vi er no i gang med tiltak for å styrkje planlegging og styring av alle løfteoperasjonar.
Set i verk tiltak
Granskinga har vore leia av ei uavhengig gruppe med ekspertar på kran- og løfteoperasjonar.
Dei har sett på alt frå kva som skjedde i sjølve ulykka, til korleis arbeidet vart leia.
Equinor set no i verk fleire tiltak for å gjere arbeidet på anlegget tryggare. Selskapet skal styrkje både planlegginga, gjennomføringa og styringa av alle løfteoperasjonar.
Dette skal skje i tråd med tilrådingane som kjem fram i granskingsrapporten.
Saman med andre aktørar i bransjen vil Equinor sørgje for at alle som skal jobbe på anlegga deira, får forsterka opplæring og betre kunnskap om kva krav som gjeld for denne typen operasjonar.
Hussein var tilsett i det svenske bemanningsselskapet Nidab, som var innleigd til Crane Norway. Crane Norway utførte oppdraget på vegner av Equinor.
– Vi har granska denne hendinga saman med Equinor. Vi stiller oss bak funna som er avdekka, og vil jobbe med kompenserande tiltak for å sikre at dette aldri, aldri skjer igjen, seier Olav Moi Håland, dagleg leiar i Crane Norway, til BA.
Han legg til at dei allereie har sett i verk tiltak, og understrekar at dei må ta lærdom av hendinga.