Herold

Redd velferden!

Plus
Kilde: Nordnorsk debatt Author: Pål Julius Skogholt, gruppeleiar for SV i Tromsø Published: 2025-11-30 11:47:55
Redd velferden!

Renteauke

Befolkningsendring

Statsbudsjettet

*Kommuneøkonomien i Noreg er i fritt fall. Fleire hundre norske kommunar rapporterer til dels store underskott, og situasjonen er ikkje noko betre her i Tromsø. Økonomi er eit verkemiddel ikkje eit mål, men underskotta fører til dårlegare tenester for våre eldre, barn og andre. *

Det einaste vi kan slå fast er at det vil bli ei vekstnæring å vere økonom hos statsforvaltarane som no skal passe på svært mange kommunar som etter alle solemerker skal inn på Robek.

I Tromsø dreg vi med oss eit underskott frå 2024 på meir enn 200 millionar. Kommunane har to år på seg å betale tilbake slikt meirforbruk. Planen var å betale tilbake ein god del i løpet av 2025 og ta resten i 2026. Økonomirapporteringa viser at vi ikkje kjem til å klare å betale tilbake nok særleg eller noko i det heile tatt i løpet av 2025. Det er ein av grunnane til at vi må gjennomføre så store kutt i 2026.

Bakgrunnen for den dårlege kommuneøkonomien heng særleg saman med tre faktorar. Det første er renteauken som har påført alle norske kommunar store kostnader. Berre i Tromsø er det snakk om fleire hundre millionar i kostnader. Bakgrunnen til dette igjen er at kommunane har behov for store investeringar i framtidig helse- og omsorgstilbod, i kommunale bustader og i infrastruktur. Dette heng igjen saman med at dårleg kommuneøkonomi over tid har gjort at kommunane ikkje har hatt nok pengar til vedlikehald av eksisterande bygningar og infrastruktur. I Tromsø ser vi det tydeleg på forfallet på vegane våre og på mange kommunale bygg.

Det andre faktoren er endringa i befolkningssamansetting. Vi blir fleire eldre, og færre unge. Då burde sjølvsagt kommunen flytte pengar frå skole og barnehage for å bruke meir på eldreomsorg. Det ser veldig tilforlateleg ut sett frå finansdepartementet, men det blir ikkje billigare å drive ein skole om vi går frå 20 til 19 elevar i ein klasse. Klassen må uansett ha ein lærar. Vi ser og at vi har ein del utfordringar i ungdomsmiljøet som gjer at vi treng å bruke meir pengar på ulike hjelpe- og støttetiltak. I den verkeleg verda er det å flytte ressursar frå oppvekst til helse mykje vanskelegare enn det ser ut om ein berre ser på tala i stort.

Det tredje faktoren er at den statlege finansieringa av kommunane ikkje held tritt med dei faktiske kostnadene med å levere gode tenester til folk og dei oppgåvene kommunane blir pålagt av den same staten. Nominelt har inntektane til Tromsø kommune vokse med 6,6%, men samstundes har utgiftene knytt til prisvekst og demografi vore over betydeleg høgare. Differansen er omtrent det underskottet vi slit med no.

Så skal ikkje eg berre skulde på andre for den dårlege økonomien i kommunen. I ein så stor organisasjon som Tromsø kommune vil det alltid vere plassar der vi kan gjere ting betre, meir effektivt og billigare. Derfor har jo og Tromsø kommune vore gjennom store omstillingar dei siste åra. Vi har kutta i ein hardt arbeidande administrasjon og vi har omstilt og kutta innafor helse- og omsorg. Nokre av tiltaka har fungert, andre ikkje. Men uansett har innsparingane blitt spist opp av dei dei tre faktorane nemnt tidlegare.

Budsjettet for 2026 kjem til å gjere mange av tenestene kommunen skal levere dårlegare. Arbeidet kjem til å bli hardare for tilsette og fleire vil gå heim med ei kjensle av at ein ikkje har gjort jobben godt nok. Til det vil eg seie at ansvaret for det ligg hos andre enn dei tilsette i kommunen. Det er den statlege finansieringa som regjeringa står bak må bere hovudansvaret.

Så får vi håpe at statsbudsjettforhandlingane gjev meir pengar til kommunane enn den underfinansierinag regjeringa la opp til. Men eg trur vi og kan slå fast at heller ikkje dette statsbudsjettet vil løyse dei problema som kommunane har. Det pågår også forhandlingar mellom samarbeidspartia for å reversere nokre av dei mest drakoniske kutta i neste års budsjett, men dette vil ikkje endre hovedgrepa frå regjeringa som gjev dårlegare tenester for eldre, barn og andre.