Herold

Vi kan ikkje bruke 48 år på å rassikra landet

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Roald Aga Haug, ordførar, Ullensvang, Torgeir Næss, ordførar Kvam Herad Published: 2026-03-16 12:28:19
Vi kan ikkje bruke 48 år på å rassikra landet

Raset i Fjæra første mars kunne fått katastrofale følger. Heldigvis vart ingen fysisk skadde. Tryggleiken er likevel skadd. Folk som ferdast på vegen skal kjenna seg trygge. Det rasar mange stader på vestlandet. I følge NVE skal desse utfordringane auka. Nedbørsmengdene i Norge har visstnok auka med ca 20% sidan 1900. NVE sine prognoser er at vi skal bu oss på ein vidare auke på 40% fram mot 2100.

På Vestlandet går det mange ras. Berre i Vestland fylke har ein halvparten av rasforekomsten på veg i Norge. Rogaland, Møre og Romsdal har og store utfordringar. Ved slike dramatiske ras som i Fjæra, seier alle at no må rassikring prioriterast. Alle er for å rassikra meir. Likevel vert ikkje rassikring prioritert nok.

Det har i NTP vore sett av to milliardar kroner kvart år til rassikring. Løyvingane skal aukast i tråd med pristigning. Vegvesenet har kome fram til at alle raspunkt på veg i Norge med middels høg og høg skredfaktor, vil kosta 96 mrd å sikra. Med dagens løyvingar vil det då ta minst 48 år å «rassikra Norge». Om nasjonen set seg dette målet. Er det akseptabelt at dei farlegaste raspunkta som vi kjenner, først er sikra ei gong etter 2076? Nei, ingen syns det.

Nasjonal rassikringsgruppe har konkludert med eitt krav om at dette kan løysast i løpet av 12 år. Fleire fylke har vedteke denne målsettinga. Alle er i grunnen samde om at dette er eitt rimeleg krav. Då må løyvingane til rassikring aukast til ca 8 mrd per år.

Det er mykje pengar, men fullt mogleg å prioritera når alle også seier at dei er for dette. Då vil heile landet oppleva tryggare vegar i si levetid.

🏷️ Extracted Entities (8)

Norge (entity) Fjæra (entity) Møre (entity) NTP (entity) NVE (entity) Romsdal (place) Vestland (place) Vestlandet (entity)