Herold

Nye EU-reglar opnar for enklare dyrking av genredigerte planter

Kilde: NRK Author: Maren Braut Published: 2026-03-16 17:30:16
Om få år kan du kjøpe genredigert salat på butikken

Snart kan grønsaker i butikken ha eigenskapar me aldri har sett før. Teknologien lovar meir robuste planter, men miljøorganisasjon åtvarar.

Dette er saka

  • Genredigering kan gjere planter meir motstandsdyktige mot sjukdomar, redusere sprøytemiddelbruk og auke avlingar.
  • Ei komande lovendring i EU kan føre til oppmjuking av reglane for genredigerte planter, noko som også vil påverke Noreg.
  • Genredigerte planter som kunne oppstått naturleg, vil ikkje lenger bli rekna som GMO.
  • Greenpeace åtvarar mot å forhaste seg og meiner meir forsking er nødvendig før teknologien blir breitt tatt i bruk.
  • Bioteknologirådet meiner genredigering kan bidra til høgare sjølvforsyning og betre klimatilpassing.
  • Nibio har i over ti år forska på genredigering av planter som jordbær, potet, eple og salat.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Eg håper me ser genredigert salat i butikkhyllene allereie om to til tre år, seier Tage Thorstensen, forskar ved Nibio på Ås.

Han leiar arbeidet med å redigere planter til å bli meir motstandsdyktige mot sjukdomar.

Dette kan redusere bruken av sprøytemiddel og samstundes auke avlingar.

Om ei stund kan redigerte salathovud utan brune flekker kome i butikkhylla.

– Fordelen med teknologien er at me kan utvikle nye matplanter langt meir presist og effektivt enn ved konvensjonell dyrking, fortel Thorstensen.

På laboratoriet fjernar forskarane bitar av det opphavlege DNA-et, som blant anna forårsakar sjukdom på planta.

Dette kallar dei for genredigering.

Opne for denne typen mat

– Matplantene kan ha nye eigenskapar, som at dei held seg betre, er meir robuste og meir næringsrike, seier forskaren i Nibio.

Ei undersøking NRK tidlegare har omtalt, viser at nordmenn har blitt meir opne for genredigert mat.

Kva er skilnaden på genmodifisering og genredigering?

Genmodifisering (tradisjonell GMO):

  • Ein set inn genar frå andre organismar i planta.
  • Her blir heile genar plassert tilfeldig i arvestoffet til ein organisme, og gir heilt nye typar eigenskapar.
  • Er underlagt strenge krav til godkjenning.

Genredigering:

  • Ein gjer målretta endringar i organismen sitt eige DNA utan å setje inn genar frå andre artar.
  • Ofte blir dette gjennomført ved bruk av ei «gensaks» som kan fjerne, byte ut eller skru av spesifikke genar.
  • Ein kan forbetre eigenskapar som allereie finnast, som å gjere ei plante meir motstandsdyktig mot tørke eller fjerne genar som gjev sjukdom.
  • Crispr er den mest brukte metoden for genredigering, og blir mellom anna brukt av Nibio.

Kjelde: Nibio, Snl og Bioteknologirådet.

Komande endring

Tidlegare har eit strengt regelverk gjort det nesten umogleg å teste og selje genredigerte planter.

No ligg det an til ei oppmjuking gjennom ei komande lovendring i EU.

EØS-avtalen gjer at endringane også vil påverke Noreg.

Forskarane bruker teknologien genredigering og hevdar endringane like gjerne kunne oppstått naturleg.

Dersom ei plante er genredigert på ein måte som også kunne ha skjedd naturleg, skal ho ikkje lenger bli stempla som GMO.

I staden skal ho bli rekna som ein heilt vanleg plante.

Kva skjer i EU no?

  • I desember 2025 vart dei tre organa i EU (Kommisjonen, Parlamentet og Rådet) einige om ein førebels avtale om at planter som er modifisert med genar frå same art, ikkje lenger skal bli lovregulerte som genmodifiserte planter, men som konvensjonelle planter.
  • I januar 2026 stemde miljøkomiteen i EU-parlamentet for og sikra fleirtal for avtalen.
  • Endeleg vedtak er venta i april 2026.

Kjelde: Nibio

Streng lov

Miljøorganisasjonen Greenpeace åtvarar mot å forhaste seg.

– Me veit for lite om konsekvensane for miljø og natur. Derfor går me saman med bønder og små og mellomstore frøprodusentar mot å fjerne dagens strenge GMO-lovverk, seier fungerande leiar Halvard Raavand.

Leiar i Greenpeace, Halvard Raavand, er skeptisk til genteknologien.

Han meiner me må ha meir forsking på bordet før teknologien blir rulla ut i stor skala.

Nibio hevdar på si side at endringane dei gjer, like gjerne kunne oppstått naturleg.

– Me lager berre mutasjonar som allereie finst eller som kunne oppstått naturleg, seier Thorstensen.

Han ser ingen negative sider ved sjølve teknologien, men understrekar at genredigering ikkje er den einaste løysinga for framtida.

I veksthus på Ås designar forskarar mellom anna på salat og potet som skal vere betre og halde seg lenger.

– Dette er eit viktig verktøy som utfyller andre metodar. Me må ta i bruk all tilgjengeleg teknologi, anten det er konvensjonell dyrking, økologiske løysingar eller genteknologi, seier planteforskaren.

30 år gamal

Marianne Aasen, leiar i Bioteknologirådet, meiner genteknologi kan vere nøkkelen til både høgare sjølvforsyning og betre klimatilpassing.

Denne isbergsalaten veks fram annleis enn dei me finn i butikken i dag.

Aasen påpeikar at dagens genteknologilov er over 30 år gamal, frå ei tid då teknologien var lite utvikla og mellom anna avhengig av å bruke gen for antibiotikaresistens.

Slik er det ikkje lenger.

– Med genredigering kan me gjere dei same endringane som i vanleg avl, berre raskare og meir målretta. Difor er det ikkje teknologien i seg sjølv, men korleis han blir brukt som er avgjerande, seier Aasen.

Jordbær, potet, eple og salat

Nibio har bygd opp forskingsmiljøet på genmodifisering og genredigering av planter i over ti år.

Tage Thorstensen er planteforskar ved Nibio og leiar forskingsprosjektet på genredigering av matplantene. Han trur denne typen grønsaker kan kome i butikkhylla om få år.

Tidlegare har dei dyrka fram genredigert jordbær.

Dei har også pågåande prosjekt med potet og eple.

Før jul fekk Thorstensen 6 millionar frå Landbruks- og matdepartementet til å halde fram med forskinga.

Prosjektet vart først omtalt i Nationen.

Planen framover er å dyrke fram fleire sjukdomsresistente salattypar, og søkje til Miljødirektoratet om å få teste ut dyrking ute på jordstykke.

– Forhåpentlegvis kan produsentane i EU, og etter kvart Noreg, utvikle nye matplanter som er meir motstandsdyktige, avsluttar Thorstensen.

🏷️ Extracted Entities (23)

EU Kommisjonen (organization) Nibio (entity) Tage Thorstensen (person) Biologi (i Vitenskap) 📁 (category) Bioteknologirådet (entity) Forskning og vitenskap 📁 (category) Mat og kosthold 📁 (category) Noreg (entity) Norge 📁 (category) DNA (entity) GMO (entity) Greenpeace (entity) Halvard Raavand (person) Marianne Aasen (person) Nationen (entity) Snl (entity) KI (entity) Landbruks (entity) Miljødirektoratet (entity) OpenAI (entity) Parlamentet (entity) Rådet (entity) Å (place)

📊 Metadata

Category: Mat og kosthold, Biologi (i Vitenskap), Forskning og vitenskap, Norge
OpenGraph Title: Nye EU-reglar opnar for enklare dyrking av genredigerte planter
Twitter Title: Nye EU-reglar opnar for enklare dyrking av genredigerte planter