Eit løfte som ikkje må brytast
Plus
Eg sat sjølv i kommunestyret då me kjempa fram ny skule i Solvorn. I partiprogrammet til Arbeidarpartiet i 1976 stod det svart på kvitt at Solvorn skulle få ny skule. Det løftet vart halde. Det vart ikkje gløymt etter valet, ikkje snakka vekk og ikkje sett bort. Me stod i det, år etter år, og skulen stod klar i 1983.
No, 43 år seinare, ser det ut til at nokre vil riva ned på nokre månader det som tok eit heilt tiår å byggja.
DET STOD SVART PÅ KVITT I 1976
Difor handlar dette ikkje berre om skulepolitikk. Det handlar om kva eit partiprogram er verdt, og om politikarar meiner alvor når dei ber folk om tillit.
OG NO STÅR SENTERPARTIET SITT EIGE LØFTE PÅ SPEL
Ordførar og partikollegaene hans gjekk til val på å halda på noverande skulestruktur. 1093 veljarar gav dei tillit på det grunnlaget. Ikkje på eit «vi skal greia det om vi kan», ikkje på eit «vi ser på saka». Dei gav tillit på eit løfte.
Eit løfte er ikkje eit forslag. Det er ikkje eit utgangspunkt for forhandlingar. Det er eit løfte.
I formannskapsmøtet 11. mars sa ein SP-representant at «dette er ei vanskeleg sak».
Eg forstår at det kjennest vanskeleg. Men la meg spørja direkte: Er det vanskeleg å lesa sitt eige valprogram?
Vanskeleg er det å forklara til ein familie som kjøpte hus i Solvorn fordi dei trudde på løfta, at løfta ikkje gjaldt likevel. Det er dei som har fatta livsavgjerande val baserte på politikarane sine ord. Det er dei som fortener eit svar.
KVA SIGNAL SENDER DE NO?
Eg har budd i Solvorn heile livet. Eg har hatt skulebarn i samanhengande 27 år, og etter det barnebarn og oldebarn. Eg veit kva denne skulen og barnehagen betyr – ikkje som ein abstrakt verdi i ein kommunal rapport, men i kvardagen til verkelege born og familiar.
Nyleg kjøpte eitt av barnebarna mine hus i Solvorn. Dei valde ikkje bygda av ein tilfeldighet.
Barnebarna valde å flytte heim att til bygda fordi dei ville at borna deira skulle få vekse opp her, med liten og trygg barnehage og skule, og dessutan eit godt og variert SFO tilbod. Det er nett det kommunepolitikarane seier dei ønskjer: at unge familiar skal busetje seg, og at bygdene skal leva.
Korleis trur de dei unge familiane kjem til å tolka det om de no bryt det de lova? Korleis trur de neste generasjon vil forhalda seg til politikarar sine valprogram?
BARNAS BESTE ER IKKJE EIN BUSS I MØRKET
Barnas beste er ikkje at ein seksåring skal stå og venta på bussen åleine i mørket klokka åtte om morgonen. Barnas beste er tryggleik, nærleik og kvardagar der dei bur og høyrer til. Det veit alle foreldre.
Det veit alle besteforeldre. Og det bør politikarar vita og.
Ein liten skule er ikkje eit problem som skal løysast. Ein liten skule er eit svar på korleis eit levande lokalsamfunn ser ut.
TIL SENTERPARTIET SPESIELT
SP er partiet som seier det skal bu folk i heile landet. SP er partiet som seier distrikta skal leva. SP er partiet som har ryggrada til å stå imot sentralisering.
Kva er det de seier no?
Dersom de røystar for nedlegging etter å ha gått til val på det motsette, seier de ikkje berre noko om Solvorn. De seier noko om kva SP er – og kva de ikkje lenger er. Det er eit politisk val med konsekvensar langt utover ein kommunestyresal.
EIT LØFTE MÅ HALDA
Etter formannskapsmøtet 11. mars, er eg stolt av at Arbeidarpartiet vil vidareføra det me kjempa gjennom frå 1976 til 1983. Den gongen stod ny skule i Solvorn i partiprogrammet, og den gongen vart løftet halde. Eg håpar at fleire no har mot til å stå opp for det same. For dette er ikkje ei vanskeleg sak. Det er ei enkel sak, kledd i vanskelege ord av dei som ikkje vil sjå det enkle svaret.
Lat Solvorn få leva.