Desse gjekk vidare til fylkesfestivalen: – Vanskeleg å velja blant så mange flinke
Plus
Jurymedlem Maren Elise Skogseth fekk ein tøff jobb under UKM Kvinnherad.
7. mars gjekk UKM (Ung kultur møtes) av stabelen ved Kvinnherad kulturskule. Det var 19 innslag på programmet, i tillegg til dei to ungdommane som bidrog som arrangørar. Alle stilte på lik linje når juryen på tre skulle avgjera kven som skulle sendast vidare til UKM Fylkesfestival Vestland 2026.
– Dette var jo heilt nytt for meg. Eg har ikkje vore med på UKM før, fortel Maren Elise Skogseth, ein av dei tre jurymedlemmene.
– Intenst
Husnesbuen ser tilbake på ein innhaldsrik dag.
– Kort oppsummert var det veldig intenst. Vi hadde skjema som vi skulle fylla ut for kvar deltakar, der desse blei vurderte ut frå kreativitet, publikumskontakt, tekniske ferdigheiter, heilskapsinntrykk og så vidare. Dette gjorde vi medan ungdommane var på scenen, så det måtte gå fort, humrar Skogseth.
Smartembed for https://www.kvinnheringen.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=501526
Seinare same dag landa juryen på kven som skulle få gå vidare til fylkesfestivalen. Desse er arrangørane Gabriele Vendzelis og Anna Prestnes, «Honk Horns ensemble», «Gitar Duo», bildekunstnaren Luna Gravdal, «Spacedrummer» og dansaren Olena Lieskova.
– Det var vanskeleg å velja blant så mange flinke, men skjemaa var til god hjelp, fortel Skogseth.
Ho synest at det heile var ei kjekk oppleving.
– Dette gjer eg gjerne igjen!
– For eit show!
Det var første gong at Kvinnherad kulturskule stod som arrangør av UKM lokalt, og rektor Kirill Zimin stiller meir enn gjerne skulen til disposisjon igjen neste år.
– Altså, for eit show det var! Det var så mange unge og imponerande talent, eit engasjert publikum og eit veldig variert program, fortel ein godt nøgd Zimin.
– Eg gler meg veldig over at vi fekk til å arrangera UKM etter at det ikkje blei noko av i fjor, og eg håpar at vi klarar å halda liv i UKM i åra som kjem. For ungdommane våre er det veldig viktig med slike arenaer, særleg med tanke på at alle er velkomne, uansett kulturform.
Fylkesfestivalen, som byr på førestillingar, kunstutstilling, workshops og aktivitetar, går av stabelen i Førde 24.–26. april.
Barnehagane i Kvinnherad kan få ekstra pengar