Heildøgnsomsorg i Kvinnherad: No må vi ta kloke val for framtida
Plus
Kvinnherad står framfor eit stort og viktig val: Kor stor kapasitet skal vi ha i heildøgnsomsorga framover? Dette handlar ikkje berre om tal og tabellar, men om korleis vi ønskjer at eldre i Kvinnherad skal bli tekne vare på i åra som kjem. Ja, valet handlar òg om store tal og fysiske bygg. Men aller mest om MENNESKE. Det handlar om menneske med alvorlege helseplager, oftast i siste fase av livet, samt deira pårørande. Det handlar om dei tilsette sin arbeidskvardag. Det handlar om verdigheit. Frivilligheit. Og sjølvsagt; kommuneøkonomien.
Kven arbeider med dette og kva gjer vi?
I juni 2025 oppretta kommunestyret ei politisk arbeidsgruppe for framtidig heildøgnsomsorg. Gruppa består av fagfolk frå pleie- og omsorg, Levekårsutvalet, Eldrerådet, Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og representantar for hovudverneombod og hovudtillitsvalde i Fagforbundet og Sjukepleiarforbundet. Norconsult har levert rapport med analyse av dagens situasjon og kva kommunen må førebu seg på dei neste tiåra. Arbeidsgruppa jobbar vidare med dette for å finna løysingar som er gode for brukarar, pårørande, tilsette og lokalsamfunnet.
Nokre av spørsmåla vi arbeider med:
- Kva bygg fungerer, og kva må rustast opp eller byggjast om?
- Treng vi nybygg?
- Kor mange omsorgsbustadar treng vi framover?
- Korleis sikrar vi nok og rett kvalifisert helsepersonell?
- Korleis tek vi vare på frivilligheita?
- Kva treng heimetenestene for å møte eit aukande tal brukarar?
- Korleis kan vi førebygge einsemd og underernæring hos heimebuande eldre?
I dag har Kvinnherad ein dekningsgrad på 19,1 %, som betyr at 19,1 % av innbyggjarane over 80 år kan få sjukeheimsplass eller omsorgsbustad med heildøgnsomsorg. Utan nye plassar vil dekningsgraden falle til rundt 16 % innan 2030.
Samtidig aukar talet på innbyggjarar over 80 år frå om lag 900 i dag til nær 1 400 i 2040. Det betyr langt fleire som treng hjelp både heime og i institusjon. Uansett modell må kapasiteten opp.
For å sikra forsvarleg omsorg bør dekningsgraden liggja mellom 16 og 20 %. Vi vil måtta byggja ut heile avdelingar og ikkje enkeltrom, og difor vil dekningsgraden variera noko. Men den skal aldri kunna falla under grensa for forsvarleg drift. Nye bygg må dessutan planleggjast slik at dei kan utvidast ved behov.
Heimebasert omsorg krev òg meir ressursar
Hovudstrategien i Kvinnherad er at eldre skal bu heime så lenge som mogleg. Det ønskjer dei fleste. Men dette krev meir enn heimehjelp og tilsyn. Einsemd og underernæring er ei reell utfordring for mange som bur heime.
Me må derfor satse på:
- Møteplassar med mat og aktivitet
- Systematisk kartlegging
- Velferdsteknologi
- Tilrettelagde og trygge bustadar
I ein langstrakt kommune kan tilrettelagde, sentrumsnære bustadar gje kortare køyretid og meir tid hos brukaren.
Ingen sjukeheim, heimetenester eller dagsenter utan tilsette
Uansett kor mange plassar vi byggjer, står og fell alt på kompetente folk. Rekrutteringskampen blir tøffare. Vi konkurrerer med Helse Fonna, barnehagar, skular og mange andre arbeidsplassar.
Utan mange nok sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og fagpersonar med rett kompetanse kan vi ikkje levera gode tenester uansett kor moderne, fine avdelingar vi byggjer. Trygge, motiverte tilsette skapar kvalitet og gjer at fleire blir verande lenge. Difor må vi:
- Satsa på rekruttering
- Byggja sterke fagmiljø
- Sikra gode arbeidsvilkår
- Sørgja for rett bemanning
- Tilby kompetanseheving og utvikling
Vegen vidare for Ølve alderspensjonat, Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet
Vi står no midt i ei viktig vurdering av framtidas sjukeheimsstruktur. Målet er å legga fram ei grovskisse for utbygging og rehabilitering i løpet av 2026.
Vi må ta stilling til:
- Kva tenester vi skal ha og kor dei skal liggja
- Kva bygg som må rehabiliterast eller byggjast om
- Om alle institusjonane skal tilby alle typar plassar
- Om vi bør spesialisera avdelingar, til dømes for demens, rehabilitering eller avlastning
- Om fire sjukeheimar bør gjerast om til omsorgsbustadar og dagsenter, og ein ny sjukeheim byggjast på Husnes for dei mest komplekse pasientgruppene
Her er det avgjerande å ta inn brukarane, pårørande, frivilligheita og dei tilsette sine røynsler og perspektiv.
Vi må vera føre var
Kor mange eldre vi blir i framtida, er ikkje hogge i stein; prognosar er prognosar. Likevel må vi ta grep i god tid og rusta oss for ein vekst som allereie er godt dokumentert.
Som leiar for Levekårskomitéen og Arbeidsgruppa for framtidig HDO ønskjer eg at innbyggjarar, pårørande og tilsette skal kjenna seg trygge på at me tek behova på alvor. Me skal lytte til innspel, drøfta og vurdera grundig og prøva å finna fram til løysingsforslag som kan stå seg, både med tanke på det faglege, for dei tilsette sin kvardag, det økonomiske og auken i pleiebehova i framtida. Kvinnherad skal levera verdige, trygge og gode omsorgstenester. Det er målet. Og det skal vera godt å leva i Kvinnherad, livet ut, både som brukar, pårørande og tilsett.
Inger-Elin Nesheim
Leiar for Levekårsutvalet og Politisk arbeidsgruppe for framtidig heildøgnsomsorg
Kommunestyrerepresentant Kristeleg Folkeparti