Medan me ventar på eit vedtak om ny skule, dansar mauren inne på Valen skule
Plus
I ti år arbeidde eg som lærar ved Valen skule. I 2018 søkte eg meg vidare i skuleverket, men eg tenkjer framleis ofte tilbake på tida der. På mange måtar var det den beste perioden i arbeidslivet mitt. Eg stortreivst i klasserommet, tett på elevane.
Då eg slutta for åtte år sidan, gjekk eg dagleg heim med ei kjensle av sjukdom i kroppen. Dårleg luftkvalitet, støv, dårleg lys, tronge arbeidsrom, store temperatursvingingar, maur og mugg var ein del av kvardagen vår. I juni kunne det vere 26–27 grader i dei sørvende klasseromma, medan det om vinteren kunne vere så kaldt i gymsalen at det knapt lét seg gjere å gjennomføre kroppsøvingstimar der. Eg skal ikkje bruke mange ord på å skildre tilhøva ved Valen skule, men lite har blitt utbetra sidan eg slutta. Tilfluktsrommet der eg hadde musikkundervisning, er no stengt på grunn av mugg og uforsvarleg luftkvalitet.
Kva var det då som fekk meg til å bli i eit så dårleg skulebygg i ti år? Eit fantastisk arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer, nydelege ungar og godt samarbeid med foreldra vog opp for det meste. Kvar vår dansa heile skulen BliMed-dansen ute i skulegarden, medan hordar av maur dansa inne på skulekjøkkenet og i garderoben.
Etter mange år med svak politisk styring, der politikarane har skuva avgjerda om nedlegging av skular over på føresette og ikkje har våga å ta nødvendige grep for ein berekraftig skulestruktur, har me som arbeider i skulane vore vitne til forfall og manglande vedlikehald. Resultatet er at fleire av skulane i Kvinnherad no er i svært dårleg forfatning. Dette har kome fram i fleire rapportar dei siste åra, og me har jamleg lese om det i lokalavisene. Eg kjenner ei oppriktig medkjensle for elevane og dei tilsette som har dette som sitt daglege arbeidsmiljø.
Det gledde meg difor stort at politikarane i kommunen endeleg vedtok ein ny skule på Husnes. Born og unge i Kvinnherad tilbringer svært mange dagar på skulen gjennom oppveksten. Dei skal ha akkurat like gode tilhøve og arbeidsplassar som deg og meg. Det er ein fryd for lærarhjartet mitt å sjå den flotte barneskulen på Husnes, og vite at elevane og dei tilsette no endeleg har eit trygt, godt og inspirerande arbeidsmiljø.
No er det Valen skule som står for tur. Den 23. april skal saka behandlast i kommunestyret. Valet for politikarane står mellom å renovere skulen eller byggje ein ny.
Bygningane ved Valen skule held ikkje mål når det gjeld inneklima og universell utforming. Skulebygget legg heller ikkje til rette for moderne undervisningsmetodar, praktisk-estetiske fag eller læring gjennom leik og fysisk aktivitet. Skulen har over fleire år fått auka elevtal og har no sprengt kapasitet. Klasseromma er for små, det er for få grupperom og ingen spesialrom til kunst og handverk eller musikk. Gymsalen er ikkje stor nok til at heile klassar kan ha kroppsøving saman.Handlingsrommet skulen har til å styrkje undervisninga i norsk, matematikk og engelsk, må difor i staden brukast til å dele elevane i mindre grupper i kroppsøving.
Eg vågar å påstå at svært få vaksne ville godteke dei tilhøva som elevar og tilsette ved Valen skule må opphalde seg i kvar einaste dag.
I Kvinnherad kommune skal me ha eit likeverdig tilbod til alle elevar. Elevane på den tredje største skulen i kommunen har akkurat same verdi og den same retten til eit trygt, godt, forsvarleg og framtidsretta skulebygg som alle andre elevar ikommunen
Valen skule må rivast og eit nytt bygg reisast – eit bygg som kan stå som ei tydeleg stadfesting på at Kvinnherad kommune satsarpå barn og unge. Dei er trass alt kommunen sin viktigaste ressurs for framtida.
Medan me ventar på eit politisk vedtak, dansar framleis mauren inne i skulebygget på Valen.