Politiet antar at bebuar er omkomen
Plus
Det var like fĂžr klokka 21.00 laurdag kveld at politiet fekk melding om eit bustadhus i Hyllestad stod i full fyr.
Innleiingsvis var naudetatane i kontakt med mannen som budde i huset, dÄ han sjÞlv melde frÄ om brannen. Men forbindelsen vart etter kvart broten.
Brann i einebustad i Hyllestad
â Vi har gjort fleire forsĂžk pĂ„ Ă„ fĂ„ kontakt utan Ă„ lykkast, opplyser Tore Andre Brakstad, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Like fÞr midnatt melder politiet at naudetatane har gjort sÞk i omrÄdet rundt bustaden utan Ä finne mannen.
â Det er grunn til Ă„ tru at mannen kan ha omkome i brannen, opplyser politiet.
PÄrÞrande er varsla.
Mannen skal ha vore aleine i huset dÄ brannen starta.
Politiet kan ikkje seie noko om Ärsaka og dei vil etterforske brannen vidare.
â EtterslĂžkking vil halde pĂ„ i fleire timar. Det vil ogsĂ„ bli gjort ytterlegare undersĂžkingar pĂ„ staden nĂ„r forholda tillĂšt det.