Herold

Brukte ein skuledag på å anerkjenna andre – møtte varme og rørande reaksjonar

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Sondre Hansen Published: 2025-11-30 17:01:00
Brukte ein skuledag på å anerkjenna andre – møtte varme og rørande reaksjonar

Klassen var ute på ein runde for å spreie god stemning.

Rørte

Tysdag 25. november var elevane på Vg1 helse- og oppvekstfag rundt i nærmiljøet med ei lita julehelsing til ulike kommunale arbeidsplassar.

Då besøkte dei sjukeheimen, heimetenesta, skular, barnehagar og fleire plassar, med fokus på å sjå og anerkjenna andre.

Dei ville også takka for godt samarbeid når dei ulike arbeidsplassane tar i mot helse- og oppvekstelevar ute i praksis.

– Dei var veldig takknemlege og sette stort pris på at me tok tid til å gjera dette. Dei hadde fine reaksjonar. Me synest det var ein veldig fin moglegheit me fekk av lærarane til å gjera noko sånt, seier Sofie Sollihagen Nilsen, som er elev i klassen.

Helsinga inneheldt heimelaga berlinerkransar, pynt som dei hadde laga, kort med adventshelsing, snop og bukettar.

– Eg synest det er fint å visa at me tenker på dei og at me set pris på arbeidet dei gjer, fortel 17-åringen.

Lærar, Lisa Helen Røssland, fortel at elevane synest det var ein veldig god ide.

– Det er ein fin ting å gjera for andre og dei som tok i mot var takksame. Nokon blei rørte også. Me fekk gode tilbakemeldingar på at dei sette stor pris på det. Det er alltid kjekt å bli anerkjend, fortel Røssland.

– Me i helseklassen hadde lyst til å gje merksemd til dei tilsette i nærmiljøet og takka dei for den viktige jobben dei gjer for alle rundt seg, seier læraren.

Elevane var nøgde med at dei fekk visa at dei set pris på å få vera ute i praksis hos dei enkelte.

– Eg synest at det var kjekt å gje julehelsingar til dei forskjellige arbeidsplassane. Det er gøy å dela ut ting til folk og gjera dei glade, fortel Mildrid Fjelland Håvik om dagen.

Fleire treng hjelp før jul: – Det er ein aksjon på godt og vondt

Den nye møteplassen har fått ein god start: – Veldig positivt