Jordras på Langhelle
Plus
Torsdag gjekk det eit jordras over den kommunale vegen på Langhelle.
Klokka 21 vart det opplyst at E16 ved Langhelle er stengt grunna jordras og fare for nye ras. Det blir ny vurdering innan klokka 08 fredag morgon.
Rasstaden er like ved E16, der den kommunale vegen til Langhelle startar.
- Halve vegbanen på E16 ved området er førebels stengt. Langhellevegen er heilt stengt som følgje av raset. Ifølge 175.no er det fare for at E16 blir heilt stengt. Du finn oppdateringar og trafikkmeldingar på 175.no, opplyste Vaksdal kommune.
Politiet opplyste at meldinga om raset vart meldt klokka 17.27.
- Det har gått eit jord - og sørpeskred over Langhellevegen, men ein god del har komme ned på E16 og sperrar eitt felt. Det skal vera både jord, tre og nokre steinar i raset. Ingen er tatt av raset, melde politiet.
Entreprenør og politi kom til staden.
Det er elles gått eit ras over det eine sporet ved Trengereid stasjon. Dette gjer at det er stopp i togtrafikken.
Rasstaden på Langhelle