Herold

- Gårsdagen viser tydeleg kvifor det er viktig med ny veg og bane

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-03-13 09:22:44
- Gårsdagen viser tydeleg kvifor det er viktig med ny veg og bane

Torsdag ettermiddag gjekk det eit jord- og steinras ved Langhelle som råka E16, og på Trengereid vart tog innstilte grunna ras. Leiinga for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle meiner dette viser at veg og bane treng betre og tryggare løysingar.

- Rasa torsdag gjev oss ei alvorleg, men viktig påminning om kvifor dette prosjektet hastar, går det fram av ei melding frå FAS-prosjektet.

Hendingane som stengde E16 og toglinja kom same dag som Fellesprosjektet Arna-Stanghelle markerte oppstarten av prosjekteringa av dei nye tunnelane for både veg og bane.

- Prosjektet er eit av dei største trafikktryggleikstiltaka i regionen og skal erstatta dagens utsette strekning – ei strekning som i fleire tiår har vore sårbar for ras og ekstremvêr.

E16 ved Langhelle er stengt grunna fare for nye ras

Startskot

Torsdag markerte FAS-prosjektet signeringa og startskotet for prosjekteringa av hovudentreprisane saman med Norconsult og Aas-Jakobsen, går det fram av ei melding frå Statens vegvesen.

Norconsult og Aas-Jakobsen leverte tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet, og vart i februar tildelt kontrakten som har ein verdi på inntil 2,2 milliardar kroner. Kontrakten, som er utforma som ei rammeavtale med varigheit på inntil åtte år, vart signert sist veke.

Norconsult og Aas-Jakobsen skal utarbeida designbasis, konkurransegrunnlag for hovudentreprisane, og bistå med oppfølging i byggjefasen. Den første hovudentreprisen på tunnelane for veg og bane skal etter planen vera klar til utlysing i 2028, og starta opp i 2029.

Store forventningar

Då kontrakten vart lyst ut våren 2025 kom den ut med store forventningar til marknaden. Fellesprosjektet ønskte å utfordra bransjen innan klima, miljø og berekraft for å utvikla dei beste løysingane for prosjektet.

Rådgjevar-duoen er glade for å ha landa kontrakten og «let seg ikkje skremma» av forventningane til to av landets største byggherrar i det som blir noregshistorias hittil største tunnelprosjekt

- Me set stor pris på tilliten og ser fram til å bidra med framtidsretta og berekraftige løysingar i tett samarbeid med prosjektet, seier Bård Sverre Hernes, konserndirektør for Hovedkontor Norge i Norconsult.

Saman med prosjektet skal dei utvikla og utfordra bransjen med ny teknologi, spesielt innan berekraft, klima og miljø. Løysingane skal ivareta både vegvesenet og Bane NOR sine tekniske krav — ei utfordring rådgivarane gler seg til å ta fatt på. Norconsult og Aas-Jacobsen har erfaring med planlegging, prosjektering og bygging av store tverrfaglege infrastruktur-oppdrag.

Framtidsretta løysingar

Prosjektdirektøren i Bane NOR og utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen er glade for at kontrakten er signert og at Norconsult og Aas-Jacobsen er motiverte og gira på å kome i gang med arbeidet.

- Dette er ein stor dag for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, der Statens vegvesen og Bane NOR saman skal realisera eit av dei mest omfattande infrastrukturprosjekta i landet. Med Norconsult og Aas-Jakobsen på laget får me samla kompetanse frå fleire fagmiljø, noko som er avgjerande for å levera framtidsretta løysingar, seier prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen.

- Dei to rådgjevarane har omfattande erfaring og spesialkompetanse innan tunnelprosjektering og store infrastrukturprosjekt. Med sin dokumenterte evne til å levera nye og berekraftige løysningar, er dei godt rusta til å handtera dei komplekse utfordringane prosjektet byr på, seier utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik i meldinga.

Modellbasert prosjektering

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har lang byggjetid som gjev gode moglegheiter til å prøva ut ny teknologi og materialar. Prosjektet omfattar totalt rundt 80 kilometer tunnel inklusive hovudtunnelar, rømming-, tilkomst- og anleggstunnelar. Når hovudentreprisane blir prosjektert av same leverandør, blir grensesnitt mellom dei ulike entreprisane og delprosjekta betre koordinert. Det sikrar at tekniske og praktiske løysingar heng saman og gir betre ressursutnytting og kontroll med kostnader og miljøpåverknad.

Modellbasert planlegging og tett samarbeid mellom ulike fagmiljø gjer at ein tidleg kan identifisera og løyse potensielle utfordringar og redusera risiko for feil og sikre betre samhandling mellom veg og bane. Dette gir moglegheit til å optimalisera prosjektgjennomføringa, til dømes ved å planleggja for mest mogleg effektiv logistikk og materialbruk, heiter det i meldinga.

Vossafirma har signert deponiavtale på Dale

Full tunnelstart frå hausten 2026: Her kjem dei største endringane på vegen

- Bli med på konferanse og få svar på korleis kvardagen blir framover

Historisk milliardkontrakt tildelt for Arna-Stanghelle

🏷️ Extracted Entities (15)

Aas-Jakobsen (entity) Bane NOR (organization) Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (organization) Norconsult (entity) Statens (entity) Aas-Jacobsen (entity) E16 (entity) FAS (entity) Langhelle (entity) Bård Sverre Hernes (person) Dale (entity) Eirik Harding Hansen (person) Hovedkontor Norge (person) Kjell Inge Davik (person) Trengereid (entity)