- Me er ein god gjeng, men har plass til fleire
Plus
Vaksdal RÞde Kors Hjelpekorps vil gjerne ha fleire frivillige til sÞk- og redningsoppdrag. Nestoperativ leiar Sondre Wiers hÄpar ogsÄ at fleire i kommunen vil stÞtta arbeidet som stÞttemedlemmer.
Hjelpekorpset rykkjer ut nÄr folk treng hjelp bÄde i fjellet og i lÄglandet. Organisasjonen fÄr oppdrag frÄ Hovudredningssentralen og AMK gjennom heile Äret.
- Me er ein god gjeng med engasjerte folk, men me har alltid plass til fleire, seier nestoperativ leiar i Vaksdal RĂžde Kors Hjelpekorps, Sondre Wiers.
OpplĂŠring i fĂžrstehjelp
Dei frivillige mÞtest til medlemskveldar i korpshuset pÄ Vaksdal. Her Þver medlemmene pÄ alt frÄ fÞrstehjelp til bruk av kart og kompass.
- Her fÄr ein bÄde eit sterkt fellesskap og lÊrer mykje nyttig, seier Wiers.
Nye medlemmer fÄr opplÊring gjennom kurs og Þvingar. Dei deltek pÄ treningar og rykkjer ut pÄ oppdrag nÄr det oppstÄr behov.
Aktivitet pÄ fjellet
Om vinteren brukar korpset snÞskuter i tenesta. Dei Þver dÄ pÄ pasienttransport, skredredning og Ä finna sikre vegval i terrenget. Hjelpekorpset fraktar ogsÄ varer til hytter i Vaksdalsfjellet.
Korpset disponerer ei eiga hytte ved Buhellervatnet som fungerer som base for aktivitetane.
- Hytta er ein viktig base for oss nÄr me er ute pÄ Þvingar og aktivitetar i fjellet. Samtidig er det ein fin samlingsplass for korpset, seier Wiers.
Viktige stĂžttemedlemmer
I tillegg til aktive mannskap Þnskjer organisasjonen seg fleire stÞttemedlemmer. Pengane frÄ kontingentane gÄr til drift, utstyr og aktivitetar i lokallaget.
- StĂžttemedlemmer er svĂŠrt viktige for oss, seier Wiers.
Folk som Þnskjer Ä bidra kan ta kontakt med hjelpekorpset pÄ Facebook eller melda seg via nettsidene til RÞde Kors.