Herold

Solvorn oppvekstsenter. Når saka er så vanskeleg at det vert lett!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: May Hege Hammersvik, solvorning busett i Vaksdal Published: 2026-03-14 19:28:02
Solvorn oppvekstsenter. Når saka er så vanskeleg at det vert lett!

Eg har følgt med på saka om Solvorn oppvekstsenter gjennom ulike media og kjenner at dette engasjerer eit mamma-, mormor- og lærarhjarta så mykje at eg vil skriva litt om mine tankar kring dette.

Kvifor gjer eg det, eg som verken bur fast eller har born på skulen i Solvorn? Svaret er at også eg er oppteken av kvalitet, borna sitt beste, rettferd, og Solvorn-bygda der eg sjølv er født.

Bortsett frå vindkraftutbygging, er det er få tema som vekkjer større engasjement og kjensler enn skulenedleggingssaker Det er ikkje så rart, det handlar om frykta for å mista noko ein har kjært, tap av natur eller som her, tryggleik, identitet og samhald i ei levande bygd der alle kjenner alle og tar i eit tak når det trengst for fellesskapet. Ein sorgprosess blir sett i gang.

Når det er diskusjonar om skulenedlegging andre stader, handlar det først og fremst om økonomi. Dei fleste vil helst unngå slike tiltak og ein er kanskje på Robeck- lista før ein ser seg nøydd til å gå inn på temaet. Det er ikkje tilfellet i Luster.

Eit kjapt Google-søk fortel at Luster kommune generelt har ein god og solid økonomi med høg handlefridom, og leverer positive driftsresultat. Dei ligg godt over landssnittet i inntekter per innbyggjar, delvis pga. kraftinntekter.

Sjølv om svingingar i kraftprisar kan skapa uvisse, opprettheldt kommunen eit høgt tenestenivå og har god evne til investeringar. Luster kommune har solid økonomi, og vert skildra som å ha økonomien «på stell» Dei er blant dei betre på kommunebarometeret. Kommunen har høge frie inntekter, mykje takka vera konsesjonskraftinntekter. Dei har god evne til eigenfinansiering av investeringar og byggjer opp fond. Samla sett ser ein den økonomiske situasjonen i Luster som sterk nok til å oppretthalda eit godt tenestetilbod.

Dette handlar altså ikkje om økonomi.

Då slit eg med å forstå kvifor det no skal røystast om nedlegging av Solvorn oppvekstsenter. Korleis har ein hamna her?

Eg har ikkje hatt høve til å skriva høyringssvar, men eg har lese høyringsnotatet. Der står det at bakgrunnen for saka er at kommunestyret 19. desember 2024 vedtok å gje kommunedirektøren i oppdrag å sjå på status og framtid for Solvorn oppvekstsenter under overskrifta «Organisasjonsutvikling»

Sidan har mykje blitt sagt og skreve. Ein har gjort eit grundig arbeid og drøfta og argumentert fordelar, ulemper, kvalitet, borna sitt beste, demografi osv. Politikarane har ulike syn og ein del er svært usikre på kva dei skal meina. Det er vanskeleg, seier dei. Oppdragshavarane i adm. på si side har konkludert:

I Sogn Avis kan ein lesa at kommunesjefen og kommunedirektøren hevdar at store skular er best og at det er lettare for born med spesielle behov å få hjelp på Hafslo der det er større grupper. Vidare tek dei sorgene på forskot og peikar på betre-føre-var prinsippet då ein kan møta behov ein ikkje har i dag men som kanskje ein møter i morgon ...

Det at Solvorn i dag er den sjuande minste 1. -7. skulen i Vestland, er eit anna argument som kjem fram. Kva har det med saka å gjere? Det seier ikkje noko om kvalitetane ...

Dette er både kunnskapslause og svake argument når det er snakk om ei så stor avgjerd. Den samla konklusjonen og argumenta er så svake og ulne, at det verkar nesten som ein er villig til å leggja ned SOS berre fordi ein kan.

For å sitera Tonje Brenna: «Det handlar om ekte konsekvensar for ekte menneske»

Dersom tilrådinga blir vedteken og Solvorn oppvekstsenter blir lagt ned, handlar det ikkje organisasjons*utvikling* men om bygde*avvikling*.

Eg har jobba som kontaktlærar og spesiallærar i 25 år på både fådelt og fulldelte skular og vil dela litt om korleis eg har opplevd det.

Kvalitet er eit vidt omgrep, så det blir vanskeleg å gå inn på alt i eit avisinnlegg. Men, det eg kan sei med ein gong, er at mi klare meining er at den samla kvaliteten var best på den minste skulen. Fordelane var fleire enn ulempene.

Som kontaktlærar såg eg kvar einskild elev godt og det var lett å tilpassa undervisninga til kvar einskild med bruk av ulike pedagogiske metodar. Med få elevar i klassen var det mogleg å laga veke- og lekseplanar som var tilpassa kvar einskild, gjerne 9 forskjellige i ein klasse på 10 -i tillegg til dei som hadde individuelle opplæringsplanar og meir formalisert spesialundervisning.

Dette tok mykje tid og det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å gjennomføra med større klassar. Eg vil påstå at me unngjekk å melda fleire opp til PPT fordi me var så priveligerte med få elevar i klassane. Me lærarar jobba tett og samarbeidet var godt. Også med foreldra.

Ein kan ha mange meiningar om kvalitet og borna sitt beste. Eg vil nemna eitt som illustrerer ein liten bit av kva eg meiner: Ein familie hadde nyleg flytta til bygda og far reiste seg på eit foreldremøte og sa: «Guten vår har gått nesten 4 år på ... skule (ein større skule i den kommunen) utan å ha lært å lesa. Her har han lært det på 4 veker, så dette må vera ein god skule» Gløymer det aldri.

Slike døme på at ein har lukkast er den beste løna ein lærar kan få. Om eg fekk valet på nytt om å jobba på ein stor skule der eg bur eller ein mindre skule som innebar reisetid, hadde eg valt den siste.

Eg har fått inntrykk av at Solvorn oppvekstsenter er ein godt fungerande skule med god pedagogisk kompetanse hjå dei tilsette. Borna og foreldra er nøgde. Dei får til eit godt samarbeid. Det er mykje lettare å få til på ein liten skule enn ein stor. Der forsvinn ein lettare i mengda, blir vanskelegare å treffa utanom dei formelle møta, dei som vil kan lettare gøyma seg vekk, vanskelegare å fanga opp dei som ikkje har det så bra osv., osv.

Sogn og Fjordane (som no er del av Vestland) er det fylket i landet som har størst del av fådelte grunnskular. Fylket låg kvart år blant dei aller beste når det gjaldt elevane sine læringsresultat. Mange undra seg over kvifor det var slik. Det vart hevda at det hang saman med at skulane var små med færre elevar i klassane.

Fådelte skular som er aktive nærmiljøskular slik som Solvorn oppvekstsenter, knyter elevane sine læringsprosessar til nærmiljøet si historie, kultur og næringsliv. Det handlar om identitet og det å høyre til, og ein skal ikkje reisa lenger enn til Hafslo for å mista dette. Det vil bli for stort og for mange.

Det er svært utydeleg kva grunnen er til at ein har hamna i diskusjonen om å leggja ned skulen. Det verkar som fleire av dei folkevalde heller ikkje forstår kvar dette kjem frå og korleis dei skal takla det. Ein klarar eller torer ikkje å sei kva ein meiner og konkluderer med at det er vanskeleg og må utsetjast til seinare møte. Eg skjønar det godt.

Samstundes bør valet vera lett når det er så vanskeleg, for å sei det slik. Er ein i tvil i denne saka, så håpar eg inderleg at ein vil lata tvilen komma solvorningane til gode. Det er ingenting i denne saka som forklarar at det hastar med å leggja ned. Det finst ingen tydelege vektige grunnar for det.

Om Luster kommune ønskjer å jobba med organisasjonsutvikling, kvifor ikkje fokusera på bustadbygging og vekst i Solvorn i staden for nedlegging og bygdeavvikling?

Born er flinke til å spørja «Kvifor det?» Når dei leikar og er i roller, driv dei med det barnehagelærarar kallar «metakommunikasjon» Dei går ofte ut av leiken for å snakka om det som skjer. Dei stiller spørsmål og diskuterer før dei går inn i leiken att. Dei gjer dette for å forstå, oppklara og læra.

Når ein som politikar har fått tillit til å ta viktige avgjerder, så må ein kunna forventa at dei er 100 % sikker på at dei har forstått kva dei skal stemma over, og kvifor ein gjer det. Eg skulle ønska politikarane som er usikre og tykkjer dette er vanskeleg, kunne gjere som borna. Gå litt til sides og spør dykk sjølve KVIFOR.

Som sagt, om saka er så vanskeleg, så er det lett!

🏷️ Extracted Entities (13)

Solvorn (entity) Luster (entity) Dei (entity) Hafslo (entity) Vestland (place) Fjordane (entity) Google (entity) KVIFOR (entity) Organisasjonsutvikling (entity) PPT (entity) Robeck (entity) SOS (entity) Tonje Brenna (person)