Herold

– Det var mykje bekymring. Forståeleg nok

Plus
Kilde: HF Author: Sissel J. Bjotveit Published: 2025-11-29 23:57:00
– Det var mykje bekymring. Forståeleg nok

Etter at ein oppvekstkamerat skildra sine opplevingar av den tidlege cruiseturismen i Eidfjord, kjem debattant Sissel J. Bjotveit med sine tilleggsrefleksjonar. Ho minner om at sjølv om tida har endra seg, har turismen alltid hatt fleire sider.

I dag har eg fått i hende siste eksemplar av Eidfjordnytt. Eg les om ulike saker, mykje bra og kjekt å lesa om her. Ikkje minst at det vert arbeidd for ny drift av skisenteret på Maurset. Flott at kommunen ser seg råd til å bidra til at staden Maurset framleis skal vera ein levande plass både vøter og sumar for bygdefolk og hytteturistar. Håpar berre det vert «drege i land» ein god avtale med grunneigar, som eg forstår ikkje er i hamn enno.

Så ser eg og at ein oppvekstkamerat har fått lagt ut, over to sider, sine opplevingar om «den tidas cruiseturisme». Og ja, gode ven, vi har sikkert både mange like og ulike opplevingar frå når cruiseskipa kom og låg utpå fjorden. Turistane som kom inn til sentrum av bygda i små båtar. Dette var spesielt spennande for oss i ein ung alder.

Andre opplevingar som òg var spennande var at vi som var litt for unge til å handla alkohol i butikkar eller på Polet, fekk gjerne tilbod av unge menn som kom på land med sekk på ryggen, om å kjøpa alkohol. Nokon av oss gjorde det. Eg hugsar det godt.

I tillegg var nokon av oss opptatt av korleis det gjekk med våre fedrar. Dei rodde ut til skipet, flasker vart senka ned, og pengar dratt opp. Heime var gjerne mødrene våre, oppgitt og nervøse. Dei visste at mannen i huset kom til å bruka pengar som gjerne skulle gått til andre ting. Og ofte byrja desse mennene «våre fedrar,» å drikka denne alkoholen allereie i båten, på veg inn til land. Det var mykje bekymring. Forståeleg nok.

Vi som var for unge til å kjøpe alkohol, gøymde oss bort om kveldane, koste oss, til flaskene var tomme. Ingen var redde for oss, for dei visste ikkje kva vi dreiv med.

I desse dagar er det mykje fokus på spesielt cruiseturismen. Både gode og mindre gode grunner for merksemd. Men i dag handlar det mest om følgjande tema: forureining, mengder med turistar som bygder vert oversumt av, og spørsmålet om vi tener pengar på desse turistane, eller ikkje. Dette er ofte tema som går igjen.

Eg tenkjer, det er lov å ha ulike engasjement kring cruiseturismen. Ingen skal verta «knebla» om det er nokon som ikkje likar mitt eller andre sitt syn på turismen. Men, folkens, eg likar at når ei så stor sak som handlar om cruiseturisme, sjølv i fortida vert unyansert lagt fram, og som eg kjenner til, vil eg gjerne få med litt meir breidde av ei så stor sak. Eg forstår at dette innlegget handlar om vedkommande si oppleving av dåtidas cruiseturisme. Han skal få ha sitt.

Notidas cruiseturisme og dens konsekvensar, negative eller positive, er svært ulike fortidas cruiseturisme, men har likevel hatt sine konsekvensar for befolkninga der den kom.