Herold

Ny asfalt er bra, men utan skikkeleg grunnarbeid varer det ikkje

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Gunnar Helleland, Kvinnherad INP Published: 2026-03-13 15:00:00
Ny asfalt er bra, men utan skikkeleg grunnarbeid varer det ikkje

Ny asfalt hjelper lite dersom underlaget framleis er dÄrleg.

Det er bra at fylket no vil spandera asfalt pÄ fylkesvegen sin gjennom Kvinnherad. Det skulle eigentleg berre mangla, for fleire av strekningane er i svÊrt dÄrleg stand.

Vegpartiet frÄ Lundsneset til Ljosnes er eit godt dÞme pÄ dette. Her er vegen sÄ dÄrleg at det ikkje held Ä berre leggje ny asfalt oppÄ eit svakt underlag.

Det er nettopp i slike prosjekt sunn fornuft burde rÄda. I Kvinnherad gÄr det fÞre seg tunneldriving mellom Fjellhaugvatn og Midtbotnvatn i regi av Sunnhordland Kraftlag. Her kjem det store mengder overskotsmassar av stein, ein ressurs som kunne vore brukt til Ä byggja opp att vegkroppen pÄ dÄrlege vegstrekningar.

I staden ser det ut til at mykje av denne steinen blir gravd ned utan Ä bli brukt til noko nyttig. Dette er vanskeleg Ä forstÄ nÄr vi samstundes har vegar som treng nett slike massar for Ä bli skikkeleg oppgraderte. Dette framstÄr som eit stort slÞseri med gode ressursar.

Ny asfalt vil sjÞlvsagt vera ei forbetring pÄ kort sikt. Men dersom underlaget er like dÄrleg som fÞr, vil det berre gÄ nokre fÄ Är fÞr vi er tilbake til same standard som i dag. Her burde vegstyresmaktene vore meir pÄ ballen og sikra at lokale ressursar blir brukte der dei trengst.

Skal vi fÄ varige lÞysingar, mÄ underlaget bytast ut og byggjast skikkeleg opp. DÄ mÄ fylket som er vegeigar ogsÄ vera flinke til Ä bruka dei rimelege, kanskje gratis, ressursane som finst lokalt.

Dette handlar heilt enkelt om sunn fornuft: Bruka lokale ressursar, byggja skikkeleg nÄr ein fÞrst gjer jobben, og sÞrgja for at skattepengane vÄre blir brukte pÄ ein mÄte som gir varige resultat.

Dagens ris til vegvesenet

đŸ·ïž Extracted Entities (6)

Kvinnherad (entity) Fjellhaugvatn (entity) Ljosnes (place) Lundsneset (entity) Midtbotnvatn (entity) Sunnhordland Kraftlag (person)