Ingen plass låg det betre til rette, likevel vart det ei hengemyr
Plus
Om du snakkar med politikarar, fagfolk og utbyggarar får du minst tre ulike versjonar av realitetane. Nettopp derfor vart Mindemyren til hengemyren.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407
Sommaren 2017 vedtok bystyrefleirtalet i Bergen saman med fylkeskommunen å rulla ut ein raud løpar for byutvikling på Mindemyren.
Medan dei andre store transformasjonsområda i byen, som Dokken, Nygårdstangen og Laksevåg stod i stampe, skulle det iallfall ikkje stå på gjennomføringa på Mindemyren.
I 2022 stodden formidable raude løparen klar: Eit breitt belte med veg, bybane, sykkelvegar, parkanlegg og plass til fotgjengarar stod klart. Kanalen som gav namnet til Kanalveien kom fram i dagen igjen. Demonstrasjonstoga glimra med sitt fråvær. Her var det berre å bygga, her.
Likevel vart ikkje bybanen nokon umiddelbar kickstartar på byutviklinga. Mindemyren vart i staden hengemyren.
BA Snakk
Nyleg kom noko av grumset frå hengemyra til overflata i ein artikkel i BA.
Heller motvillige hadde nemleg Plan- og bygningsetaten lagt fram bustadgiganten OBOS og forsikringsselskapet Tryg sine planar for 310 leilegheiter og 1200 arbeidsplassar nord på Mindemyren.
Fagfolka i kommunenhevdar at planen er full av feil, at bukvaliteten vil vera elendig, at teikningane er misvisande, og at kva som faktisk kjem til å reisa seg på tomta er heilt i det blå.
Likevel vert planen lagt fram. Grunngjevinga er at politikarane er utolmodige etter å få lagt fram planen.
Det heile stinkar dårleg prosess, dårleg kommunikasjon mellom utbyggar og fagetat, og utbyggarar og byråkratar som viser liten vilje til å verta einige.
Medan utbyggarane meiner at fagetaten har somla med arbeidet, meiner byråkratane at utbyggarane involverte kommunen for lite tidleg i prosessen.
Konfliktnivået gjer verkeleg grunn til uro.
Alle som har vore mykje på Mindemyren, sjølv jobba eg der i meir enn ti år, veit at området har dei naturgitte forholda mot seg. Her er det kaldt, rått og vindfullt. Dersom ein faktisk skal greia å få til god byutvikling i området, vil det krevja mykje av prosjekta som skal realiserast.
At utbyggarar og byråkratar hamnar i skyttargravene, er eit veldig dårleg utgangspunkt.
Når byrådet itillegg kjem med andre signal enn dei fagfolka kjem med, kan det òg undergrava autoriteten til byråkratiet. Signala er nemleg at ein kan komma i mål utan å lytta til signala frå etaten.
Ein ting er å venta lenge på noko som er bra. Om ein ikkje er trygg på kvaliteten på det som vert bygd, vert hastverk til lastverk, sjølv i hengemyren.
Eit politisk signal om at det ikkje er så viktig å lytta til byråkratiet kan veldig fort komma til å spreia seg med den kalde vinden på Mindemyren.
Konfliktane har nemleg stått i kø òg i mange av dei andre prosjekta langs den fylkeskommunale autostradaen av infrastruktur.
Spør du fagfolk i kommunen, har utbyggarane vist uvilje til å fordela kven som skal ta på seg ansvaret for å husa felles parkeringsanlegg og bossnett. BA Snakk
Spør du utbyggarane har fagfolka vore strengare enn det den kommunale arealplanen og områdeplanen har lagt opp til.
Spør du politikarane, er utolmodigheita ganske unison.
I tillegg har treoffentlege aktørar; kommunen, vegvesenet og fylkeskommunen strevd med å få landa korleis vegnettet i området skal organiserast.
I den søre enden av Mindemyren, ved bygget som først husa Martens sin brødfabrikk og seinare NRK Hordaland, markerer ein i år eit lite gledeleg jubileum.
Her feirar planprosessen til den kristne høgskulen LLA og den bustadbyggelaget Bob ti år. Utan at noko har skjedd.
I løpet av dei ti åra har det skjedd dramatiske endringar i byggebransjen. Berre i løpet av dei siste fem åra har prisane på byggematerialar stige med 50 prosent.
I løpet av same periode har talet på bustadar som skal byggast på den gamle parkeringsplassen til NRK vorte kraftig nedskalert.
At utbyggarane i ti år har måtta betala renter og avdrag på ei tomt der ingenting skjer, er òg med på å gjera prosjektet vanskelegare å skriva heim.
At økonomien vertvanskelegare samtidig som dei offentlege krava har vorte skjerpa, har ført fleire av utbyggingsprosjekta inn i ein vanskeleg spiral.
På den store nabotomta, slo konjunkturane inn med all kraft. Konsekvensane av krigen i Ukraina gjorde at Bonava, som hadde store planar for den gamle tomta til Bergensmeieritet, kollapsa.
Nye aktørar måtte inn, og planane måtte endrast.
Summen av alt dette har gjort at det enklaste av dei store byutviklingsområda i byen har vorte ei hengemyr som alle partar tapar på.
Alt tyder på at det berre er dialog og pragmatisme som kan få Mindemyren ut av uføret. Utan dyktige utbyggarar, dyktige fagfolk og strategiske politikarar, greier ein ikkje å bygga god by.
Om kommunen talar med to stemmer, ei politisk og ei fagleg, er det stor fare for at viktige omsyn ikkje vert tatt.
Fagfolk må lytta til politiske signal, utan at politikarane undergrev den faglege autoriteten.
Og: Vrengebilda aktørane brukar mot kvarandre må kastast i bosset: Utbyggarar er ikkje berre griske. Fagfolk er ikkje berre vrange. Og politikarar er ikkje berre opportunistiske. Her må folk finna løysingar.
Heldigvis er det og ein del signal om at dialogen mellom partane har betra seg den siste tida. Ja, om ein ser etter, er det faktisk òg ei og anna heisekran å sjå.
Det skulle berre mangla. I ein by der utfordringane står i kø andre plassar, er det ingen grunn til at Mindemyren skal vera hengemyren.
Sterke anklager mot gigantutbygger: – Tegningene kan ikke stoles på Fra bossplass til politihus: Sentral plass i byens nye strøk Mange års venting er over: – Nå skal «Hengemyren» bli Mindebyen Bergen på bunnen: – Vår hverdag preges av stadige tilbakeslag Her stoppes 140 boliger av Navarsete: – Har vondt i viljen