Herold

Kritikken mot «høghusa» i Knarvik fell på sin eigen urimelegheit

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-12 02:35:00
Kritikken mot «høghusa» i Knarvik fell på sin eigen urimelegheit

Leilegheitsbygga i Knarvik rager symboltungt i horisonten, men er dei verkeleg fienden?

Det har nærast blitt opplese og vedtatt at Knarvik er i ferd med å bli ein eldrelandsby og at dei nye leilegheitsbygga berre bidreg til å akselerere dette.

Barnefamiliar ønsker god nok plass, ein plenflekk og uteområde med leikekameratar. Ein kan sjølvsagt finne mange argument for at nybygga ikkje oppfyller dei kriteria.

Men. Finst det eit realistisk alternativ til å bygge i høgda i Knarvik? Og kor mange einebustader får ein eigentleg plass til på tomtene i sentrum?

Ikkje mange nok til å fylle opp dei ledige pultane på Knarvik barneskule. Ei utbygging av eine- eller tomannsbustader der Geco-bygget eller der miljøstasjonen var, ville ikkje ha monna i stor grad.

Samstundes skal ein ikkje utelukke at det kjem ein og annan barnefamilie i leilegheitene. Ikkje alle har dei same preferansane.

Går ein også ut frå at dei fleste kjøparane er 50 pluss, vil det ha ein bieffekt. Desse menneska kjem jo frå ein stad, ofte ein stad med einebustad, garasje og hage. Dermed bidreg bygga til å frigjere typiske familiebustader.

Dei er høge og ragar symboltungt i horisonten, og for mange blitt bildet på ein mislykka bustadpolitikk i Alver. Men desse bygga stikk ikkje kjeppar i hjula for anna utbygging.

Ein må ha to tankar i hovudet. Ein treng både fisk og pote til middag. At ein koker pote legg inga hindringar for fisken.

Også på Frekhaug har det kome fleire leilegheitsbygg, men her har det i tillegg kome eit stort antal rekkehus og fleirmannsbustader.

Familievenlege bustader har skapt eit familievenleg miljø med mange unge som slår seg ned. I kombinasjon med leilegheitene.

Dei siste 25 åra har folketalet på Frekhaug vakse med 144 prosent, noko som igjen har ført til ein stor medlemsvekst i IL Kvernbit og ein full Sagstad skule.

Knarvik har, dersom ein reknar med Alversund, hatt ei befolkningsauke på 69 prosent i same periode.

Men der arealet på Frekhaug har blitt utvida med 78 prosent frå 1 km² til 1.78 km² har tettstaden Knarvik/Alversund blitt utvida med 8,9 prosent. Frå 3,37 til 3,67.

Det kan tyda på at mellom sjøen og dei populære friluftsområda, er det kanskje ikkje all verda med plass til anna enn leilegheiter i Knarvik no.

Frekhaug er ei suksesshistorie og har blitt ein stad der unge flyttar heim igjen for å etablere seg. Leknes-området har også hatt ei liknande utvikling dei siste tiåra.

Samstundes er det umogleg å stikka under stol at det er for få familiebustader i Alver. Eg høyrer det frå vener på bustadjakt og får det bekrefta av meklarar eg pratar med.

Men grunnen er samansett. Med ei ustabil verd og skiftande prisar er det færre familiar som vil ta risikoen med å kjøpe ei tomt for å bygge draumehuset. Og utbyggarane ser det som naudsynt å få fleire bueiningar inn på mindre areal for å tene nok.

For at folk skal setje rot og bygge liva sine i Alver, må vi sørge for at dei får buløysinga dei vil ha og der dei ønsker å bu. Anten det er i rekkehus på Frekhaug eller i einebustad i Bøvågen.

Det kan vere mange vegar fram dit, men å svinge sverdet mot leilegheitsbygga i Knarvik sentrum, er urimeleg.

🏷️ Extracted Entities (7)

Frekhaug (entity) Alver (entity) Alversund (place) Bøvågen (entity) Geco (entity) IL Kvernbit (organization) Sagstad (place)