Herold

Synshorn via Ferrata i ved Bygdin må fjerne sperringar. Tor Erik Grønolen fryktar ulukker

Kilde: NRK Author: Marte Iren Noreng Trøen Published: 2026-03-14 06:53:36
Må opne sperringa ved Via Ferrata: – Fryktar ulukker

I over 10 år har ein måtte gå med guide i klatreanlegget på Synshorn. Men ifølge lova kan dei ikkje låse porten som hindrar folk å ta seg opp åleine.

Saka samanfatta:

  • Kommunen har pålagt Tor Erik Grønolen å fjerne sperringar i Synshorn Via Ferrata, då det ikkje er lov å hindre fri ferdsle i utmark.
  • Grønolen fryktar kaos og ulukker når folk utan erfaring og utstyr får tilgang til klatreruta, men må opne opp for å unngå dagbøter frå kommunen.
  • Anlegget har sidan 2015 berre sleppt til guida grupper, og det har vore 25.000 deltakarar utan uhell, ifølge Grønolen.
  • Erfarne klatrarar som Thomas Teslo seier allemannsretten gir dei rett til å klatre utan guide, og at risiko er ein del av naturaktivitetar.
  • På Hornelen førte opning av klatreanlegg til redningsaksjonar.
  • Grønolen vil søke kommunen om å kunne ta ei avgift for dei som vil klatre åleine og vurdere faste tider for frigåarar.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Luftige klatreturar i Via Ferrata har blitt populært, og det finst slike anlegg over heile landet.

På fjellet Synshorn ved Bygdin i Jotunheimen kan ein ta seg opp ein slik «jernsti».

Til no har du måtte vere med i gruppe med guide. Det har vore ein fysisk sperring som hindrar folk å ta seg opp i veggen åleine.

Men no har Tor Erik Grønolen, som driv Synshorn Via Ferrata, fått pålegg frå kommunen om å fjerne sperringa og blir truga med dagbøter om han ikkje gjer det.

Ifølge friluftslova er det nemleg ikkje lov å hindre fri ferdsle i utmark.

– Vi har tenkt på sikkerheita. At vi ikkje skal sleppe laus dette og få mykje ulukker, seier Grønolen.

  • Ringebu kommune vil ikkje at folk skal gå til «Iskjørkja». Men turistar blir trekt mot det populære Instagram-målet.

Fryktar kaos

Tor Erik Grønolen opna klatreanlegget i den bratte fjellsida sommaren 2015.

Han seier dei har hatt med seg 25.000 folk utan at nokon er blitt skadde. Når denne sesongen startar i juni, er han redd ting kan forandre seg.

– Eg fryktar uhell og ulukker. Eg har stoppa ein familie her. Altså, når dei kjem her med ungar utan hjelm og klatreutstyr og det heile. Det er klart det kan skje ting, men eg håpar det ikkje gjer det.

Ein tar seg rett opp den bratte fjellsida i fjellet Synshorn. Det er montert bøylar og vaierar som ein hjelper seg opp med.

Han ser for seg eit kaos i fjellveggen på godvêrsdagar, i helger og i fellesferien. På fine dagar kan det vere 60–70 personar som klatrar kvar dag, fortel Grønolen.

– Det er eit logistikkstykke for å få til at det funkar. Viss det då skal komme «frigåarar» innimellom dette her, så vil det skape mykje kaos. Det er ganske trongt oppi her og det er ikkje passeringsmoglegheiter, seier han.

Friluftslova

Vang kommune har funne at stengsle ved Synshorn Via Ferrata er ulovleg ut frå friluftslova.

Vang kommune meiner også at drivarane ved Synshorn ikkje kan krevje anna enn ei rimeleg avgift for å bruke anlegget, og dette må dei søke om*.*

  • § 2. (Ferdsel i utmark.)

I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.

  • § 13. (Ulovlige stengsler eller forbudsskilt*)*

Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett.

Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.

Stengsel, skilt eller kunngjøring som er i strid med denne paragraf, kan kreves fjernet etter § 40.

  • § 14.(Avgift for adgang til friluftsområde)

Ferdselsrett etter denne lov er ikke til hinder for at eier eller bruker etter løyve av kommunen kan kreve en rimelig avgift for adgangen til badestrand, teltplass eller annet opparbeidet friluftsområde, men avgiften må ikke stå i misforhold til de tiltak eier eller bruker har gjort på området til fordel for friluftsfolket. Det kan settes vilkår for slikt løyve.

Kjelde: Lovdata.no

Klaga til kommunen

Thomas Teslo er ein ivrig klatrar. Han har 71 turar i Via Ferrata rundt om i landet. Han fortel at han møter på ulike reglar. Dei fleste har anlegg som er opne for alle, medan nokon berre slepp folk opp i veggen med guide.

Teslo reagerte på at han vart hindra å gå åleine på Synshorn. Då han ikkje hadde hell med å få drivarane til å endre praksis sende han klage til Vang kommune.

– Det er den flotte allemannsretten. At vi har lov til å bevege oss rundt i naturen utan at nokon skal stoppe oss, eller prøve å legge føringar for korleis vi kan nyte naturen, seier han.

Thomas Teslo sende klaga som gjorde at Vang kommune vurderte praksisen ved Synshorn og konkluderte med at praksisen med fysiske sperringar er ulovleg. Her er han på tur på Straumsfjellet i Setesdal.

Han kjøper ikkje argumentet om at det kan skje fleire ulukker fordi all aktivitet i naturen inneber risiko.

– Det kan vere andre fjellturar, at ein går på fjellet. Eller det kan vere toppturar på ski, dykking eller sykling. Alt dette skjer jo på eige ansvar. Og kvar enkelt må jo vurdere sine eigne ferdigheiter i forhold til risiko og form, seier Teslo.

Vil halde fram med guida turar

Prisen for å klatre i Synshorn var 750,- kroner ved oppstarten i 2015, inkludert guide og leige av utstyr. I dag er prisen for 1095,- kroner for det same.

Med 25 000 personar gjennom anlegget på ti år, anslår Grønolen at dei har hatt ei bruttoinntekt på godt over 20 millionar kroner.

– Har du også økonomiske motiv for å ikkje opne anlegget for alle?

– Nei, ikkje anna enn at ikkje andre skal kunne starte med guida turar her, men det trur eg ikkje skjer, svarer Tor Erik Grønolen.

Han er ikkje bekymra for å tape pengar, og trur dei fleste vil velje å bli med på gruppetur ikkje minst fordi det krevst klatreutstyr og er trygt.

– Eg trur hundre prosent av dei eg har hatt med på turar og prata med synest at det er heilt rett at det har vore stengt for andre enn guida turar. På grunn av sikkerheita, seier han.

Tor Erik Grønolen vil søke om å få ta ei avgift frå dei som vil bruke anlegget åleine. Dei må sjølv ha utstyret som trengst.

Tor Erik Grønolen seier han har fått ein del mailar frå klatrarar som har vore misnøgde. Og det har han forståing for.

No er han oppteken av å finne ei løysing der dei som vil gå åleine kan gå utanom dei mest travle tidspunkta. Truleg mot ei avgift som ikkje er endeleg bestemt enno.

Fjellet Synshorn ligg i Vang kommune. Starten går frå Bygdin, som er 13 kilometer frå Beitostølen i Øystre Slidre kommune.

Klatrar, Thomas Teslo understrekar at han ikkje har noko imot å betale ei avgift for å bruke dei tilrettelagde klatrerutene. Han skjønar at dei som har etablert anlegget treng inntekter for å drifte det. Men han vil helst ha moglegheit til å gå når han vil.

– Guida turar kan jo vere sosialt og positivt for nybegynnarar. Men det går veldig sakte, og ein blir gåande i kø. Det er ikkje like interessant for oss som har litt erfaring med det, seier han.

  • Trine Bekkhus testa ruta på Synshorn i 2019. Jernstiane trekte til seg tusenvis den gongen.

Vang kommune: Ulovlege sperringar

Ordførar Jørand Ødegård Lunde i Vang bekreftar at det var ei klage som gjorde at dei begynte å sjå på praksisen ved Synshorn opp mot lova.

Synshorn Via Ferrata ligg i LNFR-område (område for landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift), seier Ødegård Lunde.

– Det å sette opp stengsel i eit område der allmenta opplever seg utestengt, er då ikkje lov. Då må området omregulerast, eller så må sperringane takast ned.

Ordførar Jørand Ødegård Lunde meiner at alle som brukar fjellet går på eige ansvar. Ho seier ein til dømes kan sette opp eit skilt ved Via Ferrataen som seier at ferdsel der er på eige ansvar.

Elles seier ho at dei har god dialog med dei som driv anlegget og ho har stor tru på at saka vil løyse seg.

– Kvifor er det ikkje blitt oppdaga før at sperringane der er ulovlege?

– Det er ikkje slik at vi kontrollerer alt som er overalt. Her kom det ein melding på saka og vi skal løyse det, seier Jørand Ødegård Lunde.

Måtte opne opp på Hornelen: Førte til redningsaksjonar

I Bremanger kommune i Vestland fylke har dei vore oppe i same problemstilling. Det er kommunen som eig anlegget på fjellet Hornelen. Dei ville avgrense ferdselen, men vart hindra av statsforvaltaren og måtte opne.

Rogier Van Oorschot er dagleg leiar for Hornelen Via Ferrata AS. Ifølge han hadde dei ingen uhell medan dei berre dreiv med guida turar. Det endra seg etter dei måtte opne opp i 2024.

Rogier Van Oorschot ved Hornelen Via Ferrata seier han sjølv er oppteken av allemannsretten. Men han meiner at ved anlegg som den dei driv, bør ein handtere det slik som i eit skitrekk. At det er fri ferdsle i området, men ikkje bruk av installasjonen.

– Det har vore to redningsaksjonar som har vore ganske dramatisk. Ein person vart hengande i sju timar i veggen. Var i periodar ikkje medviten, men på mirakuløst vis kom ho derfrå utan varige mein.

Van Oorschot meiner vurderinga som vart gjort der var feilslått, og at ein burde teke meir omsyn til sikkerheit.

🏷️ Extracted Entities (26)

Synshorn Via Ferrata (person) Hornelen Via Ferrata AS (organization) Thomas Teslo (person) Tor Erik Grønolen (person) Ordførar Jørand Ødegård Lunde (person) Vang (entity) Fjell 📁 (category) Friluftsliv 📁 (category) Innlandet 📁 (category) Reiseliv og turisme 📁 (category) Rogier Van Oorschot (person) Bygdin (entity) Beitostølen (entity) Bremanger (entity) Iskjørkja (entity) Jotunheimen (entity) KI (entity) LNFR (entity) Lovdata.no (entity) OpenAI (entity) Setesdal (place) Straumsfjellet (entity) Trine Bekkhus (person) Vestland (place) Via Ferrataen (person) Øystre Slidre (person)

📊 Metadata

Category: Innlandet, Friluftsliv, Fjell, Reiseliv og turisme
OpenGraph Title: Synshorn via Ferrata i ved Bygdin må fjerne sperringar. Tor Erik Grønolen fryktar ulukker
Twitter Title: Synshorn via Ferrata i ved Bygdin må fjerne sperringar. Tor Erik Grønolen fryktar ulukker