Herold

Laksenæringa kan slutta å sutra og tenkja seg godt om

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Eivind Ødegård, Fjærland Published: 2026-03-13 10:00:03
Laksenæringa kan slutta å sutra og tenkja seg godt om

Bernt Lind-Aaby, dagleg leiar i Nettverk fjord- og kystkommunar og såleis profesjonell lakselobbyist, er ute og bed for si sjuke mor i debattspaltene til Sogn Avis. Det han skriv, er knappast nytt: Han dyttar dei stakkars små og sårbare kystsamfunna framfor seg, og bruker arbeidsplassar, vekst og «liv langs kysten» som stråmenn for argumentet om uhindra vekst i laksemerdane. Me har sett såpass før. Det nye i innlegget er at Lind-Aaby tykkjest vera heilt utan samvit og skamvit om dei særs negative konsekvensane av endå meir laks, slik han tek til orde for. Det er litt frekkare enn lakselobbyen plar vera.

Heilt sannferdig er han heller ikkje, diverre. Han nemner nedsenka merdar som eit tiltak som hjelper på lakselustragedien, men dette gjeld eit særs lite tal merdar, i fylgje dei nyaste tala frå Havforskingsinstituttet. Ved å lesa berre så mykje som samandraget av den siste risikorapporten frå instituttet, er det uråd å vera så roseraudt optimistisk som Lind-Aaby er. Denne næringa er ikkje i nærleiken av såkalla berekraftig, og ser ikkje ut til å bli det på ei stund heller.

Eg ville rå Bernt Lind-Aaby til å ta eit par steg tilbake og visa om så berre litt atterhald og finkjensle, både for den utolelege skaden næringa har påført fjordmiljøet og dei ville artane, for den heilt uhaldbare dyrevelferden i merdane (under 15% dødstal er rett nok ein framgang, men neimen ikkje nok til å ropa hurra for), og for vill vest-tilstandane i laksehandteringa og ikkje minst smuglinga. Lakselobbyistane bør gå langt stillare i dørene fram til dei faktisk har noko skikkeleg å melda.

🏷️ Extracted Entities (3)

Bernt Lind-Aaby (organization) Havforskingsinstituttet (entity) Nettverk (entity)