Herold

Skorsteinsbrann i Førde

Plus
Kilde: Firda Author: Roy Sunde Published: 2025-11-30 12:42:25
Skorsteinsbrann i Førde

Brannvesenet er på veg til ei adresse i Førde etter melding om skorsteinsbrann.

Det melder 110 Vest klokka 13.41.

Vaktkommandør i 110 vest, Trond Landaas, fortel at fleire har ringt inn etter å ha sett mykje røyk frå skrotsteinen.

– Det har blitt oppdaga glør, seier Landaas.

Brannvesenet og politi er på staden.

– Her har det nok vore eit tilløp til ein pipebrann, seier innsatsleiar for politiet Joachim Malterud til Firda.

Han fortel at brannvesenet har kontroll og situasjonen har roa seg.

– Dei driv no med etterarbeid.

Utrykkingsleiar for brannvesenet, Per Stian Hammar, fortel at dei har tatt ut brent sot frå pipa.