Utselt på eit kvarter: 722 billettar forsvann på fem minutt
Plus
Mange sto klare for å få fatt i billettar til Fiks ferrige ferie. Etter 15 minutt var ferieklubbane utselt.
Det var tydeleg at mange sat klare då billettane for sommartilbodet Fiks ferigge ferie blei slept.
Torsdag klokka 17:00 opna kommunen for påmelding. 722 billettar forsvann dei første fem minutta, og etter eit kvarter var alle ferieklubbane utselt.
Det er ikkje første gong billettane blir revet bort. I 2025 tok det ein halvtime for å kvitte seg med 1100 billettar.
Det er – i skrivande stund – framleis nokre ledige billettar igjen til Kunst Camp og Sommerbonanza. I tillegg er det nokre ledige friplassar for familiar med dårleg råd.
Fiks ferrige ferie er det faste sommarferietilbodet for barn og unge i Stavanger kommune, og sett opp ulike aktivitetar og turar gjennom sommarferien.
Smartembed for https://datawrapper.dwcdn.net/DBnYD/2/
Video-reel