No skal integreringa i Kinn under lupa
Plus
Kor vellukka er integreringa av innvandrarar og flyktningar i Kinn kommune? Svaret fÄr vi innan 1. juni.
Viktig Ä bli sett utanfrÄ
Mange faktorar
I haust lyste Kinn kommune og KURS KF ut eit anbod pÄ Ä granske og evaluere integreringsarbeidet i kommunen. Anbodsfristen er ute, og jobben skal utfÞrast av selskapet Proba Samfunnsanalyse, som har erfaring frÄ omrÄdet tidlegare. Mellom andre har dei hatt oppdrag for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
â Vi er litt forseinka med prosessen. Eigentleg skulle arbeidet og resultatet av det vore klart ved utgangen av Ă„ret. Men no fĂ„r vi resultata og konklusjonar pĂ„ bordet innan 1. juni 2026, som er viktig med tanke pĂ„ revidert kommunebudsjett, seier styreleiar i KURS KF, Bjarne Holme til Firdaposten.
Dagleg leiar ved KURS KF, Eva MelvÊr Langaas, er spent pÄ arbeidet som snart skal i gang.
â Dette blir ein interessant prosess. Eg gler meg, og eg er sjĂžlvsagt spent pĂ„ kva konklusjonane blir, slĂ„r ho fast.
â Kvifor er det viktig Ă„ evaluere arbeidet dykkar?
â Det er alltid bra Ă„ fĂ„ eit kvalifisert blikk frĂ„ utsida pĂ„ det arbeidet vi gjer. Det vil bĂ„de gi oss ny innsikt og ogsĂ„ lĂŠringspunkt, der vi kan ta tak i det som kan forbetrast, seier Langaas.
â Kva trur du ein slik rapport kan fortelje oss?
â Eg hĂ„par han viser at Kinn kommune og KURS KF jobbar godt med integrering. Eg trur vi driv med ein effektiv ressursbruk, og at vi har betre resultat enn ein del kommunar det er naturleg Ă„ samanlikne oss med. Men det er ikkje nok Ă„ tru. Det er viktig Ă„ stadfesta korvidt vi er pĂ„ rett kurs. Det finst kanskje ogsĂ„ blindsoner, utfordringar vi ikkje har fokus pĂ„ eller ser i det daglege arbeidet vĂ„rt. Ă avdekke ting som vi ikkje veit nok om frĂ„ fĂžr, vil vere verdifullt for oss, seier ho.
Det er mange ulike punkt som skal under lupa nÄr integreringsarbeidet skal granskast. Korleis fungerer busetnad av flyktningar og innvandrarar i Kinn? Lukkast vi med Ä integrere flest mogleg i arbeidslivet? Korleis klarar skuleverket Ä ta vare pÄ og gi moglegheiter til alle?
â Det er ikkje berre ei evaluering av KURS KF som no skal gjerast, men eit breiare blikk pĂ„ heile integreringsarbeidet i kommunen, forklarar Langaas.
Her er nokre nÞkkeltal for KURS KF sitt arbeid gjennom det siste Äret:
Busetjing av flyktningar i Kinn kommune:
KURS KF fÄr sine inntekter frÄ det statlege integreringstilskotet, som er knytt til kvar person som er busett. Samla fekk KURS 148 millionar kroner i integreringstilskot og sÊrskilte tilskot i 2024. I 2025 er det budsjettert med inntekter frÄ integreringstilskota pÄ 120 millionar kroner.
I 2024 betalte KURS om lag 28,8 millionar i introduksjonslÞn og 9,9 millionar i sÄkalla ventestÞnad. Samla fekk dei kommunale tenestene rundt 46 millionar i overfÞringar frÄ KURS i 2024. Av det var 15,8 millionar til Nav, som dekke av sosialhjelp, KVP og ressursar i form av to stillingar.
Dei siste Ära har KURS KF ogsÄ overfÞrt eit generelt dekningsbidrag frÄ integreringstilskotet til Kinn kommune. I 2023 var det pÄ 20 millionar kroner, I 2024 19 millionar kroner og i Är 10,5 millionar. I perioden 2026-2028 er det budsjettert med 8 millionar kroner kvart Är.