Hans Kristian flytta tilfeldig til Danmark – enda med å forske på livsendrande medisin
Plus
Det er torsdag 13. november. Låg vintersol gulmålar barndomsheimen til Hans Kristian Råket Pedersen (30) på Hauge i Bremanger. Huset, som har stått der sidan tidleg 1900-tal, har vore heimen til familien hans i fire generasjonar. Den unge legen er på ein kort visitt i heimbygda. Snart ventar Danmark og jobben som turnuslege på Herlev Hospital i København.
Hans Kristian kjenner på mykje nostalgi når han kjem heim til barndomsheimen på Hauge i Bremanger.
Så ofte som mogleg reiser han heim til bygda, for å nyte det han held kjært.
Det kan vere varm, tradisjonsrik norsk middag hos mora,
lange fjellturar på dei høge sjøklippene øya har å tilby,
eller å bade på Grotlesanden med vener og nyte den fredlege naturen.
Òg sjølvsagt kose med huskatten Muskat, som mjauar høgt og krev merksemd.
Men på golvet ligg ein stor, ferdigpakka koffert,
For i morgon skal Hans Kristian reise tilbake til Danmark, der han har budd dei siste ti åra, for å byrje på turnusen sin som lege i København.
Hans Kristian har budd i København dei siste ti åra, nesten ein tredel av livet sitt, der han studerte og fullførte sin mastergrad i medisin etter seks år.
Men i staden for å byrje som lege med ein gong, fekk han ein unik invitasjon til å bli med på eit forskingsprosjekt.
Dei siste tre åra har han arbeidd med eit forskingsprosjekt og doktorgrad om ein medfødd sjukdom kjend som cystisk fibrose, ein av verdas sjeldnaste arvelege sjukdommar.
Sjukdommen rammar 8-10 fødde barn kvart år i Noreg, og førte historisk sett til at pasientane sjeldan blei eldre enn 40 år.
I dag er Hans Kristian ein av dei få nordmenn som har fått doktorgrad og publisert artiklar i medisinske tidsskrift om denne døyelege sjukdommen,
og om medisinen som kan gje dei råka ein ny sjanse i livet.
Hans Kristian flytta tilfeldig til Danmark – enda med å forske på livsendrande medisin
📊 Metadata
Keywords: Bremanger, Forsking, Grotle, Danmark