Siktar mot opprykk – planlegg festkamp i arenaen
Plus
KHK sitt damelag kan sikra opprykk i bortekamp laurdag 14. mars. Alternativt kan sesongavslutninga i Kvinnherad Arena laurdag 21. mars bli avgjerande.
KHK-damelaget toppar 6. divisjon kvinner 2 med 18 poeng – tre poeng meir enn tabelltoar Nordre Holsnøy/Knarvik og åtte poeng meir enn tabelltoar Solid. KHK har ni sigrar og eitt tap og kan altså sikra opprykket alt i bortekampen mot Øygarden 14. mars. Øygarden ligg nest sist på tabellen med sju poeng.
Siste kamp for inneverande sesong går i Kvinnherad Arena 21. mars mot tabelljumbo Sotra 4, og ei pressemelding frå KHK fortel om kjekke festplanar:
«Dersom laget vinn bortekampen 14. mars er opprykket alt i boks og vi lagar til skikkeleg festkamp 21. mars. Vinn dei ikkje bortekampen, blir kampen 21. mars avgjerande med spenning til siste fløyt. Kampen vil bli spelt på full bane med tribune og me jobbar med å få lokalhelt på speaker og premiering».
Handballsøndag
Søndag 15. mars blir Kvinnherad Arena fylt med breiddehandball. Då skal KHK-spelarar i årsklassane J11, J12, J13, J15 og klubbens einaste gutelag G10 i aksjon:
«Det blir ein aktiv dag full av lokalt engasjement, mange familiar og godt handballspel. Her har vi også 11 lokale jenter i klubben som stiller som dommarar for å avvikla arrangementet som varer nær seks timar søndag ettermiddag», skriv KHK i pressemeldinga.