Samlar inn til kreftforsking: – Kjekt om folk vil ta godt imot oss
Plus
Årets russekull ved KVV følger tradisjonen med innsamling til Kreftforeininga. Søndag 15. mars er dei på tur med elektroniske bøsser i nabolaget sitt.
45 russ ved Kvinnherad vidaregåande skule skal søndag ettermiddag ut og banka på dører i nabolaget sitt, og samla inn pengar til meir forsking på kreft.
– I det dritvêret?
– Det skal gå fint!
Angelica Fjelland, Alva Uppheim, Mina Dolonen og Amira Said er kontaktpersonar og fortel at dette er ein lang tradisjon ved KVV, og at russen har gått «i alle år». Det er basert på eit godt samarbeid med Kreftforeininga.
– Korleis går det samarbeidet føre seg?
– Me melde oss som kontaktpersonar til Mathias Urhaug ved Kreftforeininga i Bergen. Han har med skuleklassar å gjera. Vår jobb er å skaffa innsamlarar, seier dei.
Russen har funne på ulike ting for å skaffa pengar til saka, og dei er alt i gang.
– I februar selde me kaker og brus i kantina, og nokre har samla inn pengar hos familie og vener heile denne veka i staden for å gå med bøsse søndag, seier dei.
Kreftforeininga har ei nettside der den som skal gå med bøsse plottar inn adressa si og kor lenge ein vil gå.
– Ein kan velja kort, normal eller lang rute. Då får ein fordelt eit visst tal hus i ei rute i nærleiken av der ein bur, forklarar dei.
Elevane bur rundt om i Kvinnherad og det er ein fordel her.
– Me har folk spreidd over heile kommunen, seier Alva Uppheim.
Digitale bøsser
Det handlar om digitale pengar når ungdommane har dør-til-dør-aksjon.
Bøssa er digital, det vil seia at ein betalar med mobil, anten med QR-kode eller vipps-nummer til Kreftforeininga.
– Det er veldig kjekt om folk vil ta godt imot oss når me kjem, seier Mina Dolonen.
Merete blir ny leiar: – Eg er kjempeimponert over alt dei har fått til