Han er årets satsing: – Har alt som skal til for å bli ein favoritt
Plus
Bare Andy er vinnar av Vestlandssatsinga 2026. Med det blir han å sjå på Festidalen i sommar.
I helga som var gjekk bransjetreffet 100 Dagar av stabelen på Stord. Her var det artisten Bare Andy frå Farsund som imponerte mest, og med det vart trekt ut som årets vestlandssatsing. Det betyr at han får spela på ei rekkje festivalar på Vestlandet sommaren 2026, blant anna på Festidalen.
«Bare Andy lagar jordnær countrypop med gjenkjennelege tekstar, bygderomantikk og høg sjarmfaktor. Låtar som treffer like godt i byen som på bygda», står det å lesa i ei pressemelding frå arrangøren.
Festivalsjef Jostein Sydnes i 100 Dagar har tru på at Bare Andy kan bli ein hit blant publikum denne sommaren:
«Han har alt som skal til for å bli ein festivalfavoritt. Han skriv låtar som festar seg, og har ein sjarm og energi som fungerer svært godt live. At festivalane samlar seg om han som årets vinnar seier mykje om kvaliteten han representerer. Me er sikre på at han kjem til å skapa mange gode festivalminne i sommar».