Trafikkulukke på E16
Plus
Torsdag ettermiddag melder Vegvesenet om ei trafikkulukke på E16.
Dette skal ha skjedd ved Kleinslåttunnelen i Vaksdal kommune.
Dei skriv at eit køyrefelt er påverka som fylgje av ulukka. Meldinga kom klokka 15.46.
Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ken Ove Holm, seier at meldinga gjekk ut på ein mogleg påkøyrsel bakfrå.
– Me har ikkje fått tilbakemelding frå staden enno. Det er eitt felt som er påverka. Det er ikkje heilt sperra, men det vil skapa litt kø i ein retning, seier han.
Klokka 16.30 er meldinga om at eine køyrefeltet er påverka vekke, og hendinga er såleis rekna for å vera over.
Kart med ID 500977
🏷️ Extracted Entities (7)
E16
(entity)
ID
(entity)
Ken Ove Holm
(person)
Kleinslåttunnelen
(entity)
Statens
(entity)
Vaksdal
(place)
Vegvesenet
(entity)