Tok toget, tråkka i hundebæsj, leika og besøkte biblioteket
Plus
Femåringane frå Kroken barnehage hadde ein innhaldsrik tur til Prestestranda tysdag.
Skulestartarane, som dei blir kalla, frå Kroken barnehage sette seg på toget på Neslandsvatn stasjon og tok det til Drangedal stasjon. Engasjerte barn kunne fortelje om eit tog som køyrde baklengs. Enkelt forklart var sitjeplassane på toget i motsett retning av køyreretninga.
– Me køyrde baklengs med toget, seier Elias Ånonsen ivrig.
Moro å ta toget
Han kunne også rapportere om at boka «Det runde problemet», som skulestartarane skulle høyre om på biblioteket var ei bra bok. Til vanleg les skulestartarane i Kroken mellom anna om dinosaurar og i boka «Heksene» av Roald Dahl.
– Det er alltid moro å ta toget til Drangedal. Me sett pris på å bli invitert på ting, seier tilsett i Kroken barnehage Anita Øygarden.
Ho fortel at då barna gjekk av toget i Drangedal, så gjekk dei ned til Toke brygge for å leike.
– Langs fortauet var det mykje bikkjedritt. Me måtte gå sikksakk for å ikkje tråkke i det.
Etterpå gjekk flokken opp til biblioteket og åt lunsj.
Morosam og absurd bok
Den årlege hendinga bokLEK er eit leselystprosjekt for skulestartarar i barnehagane. Ein barnebokforfattar eller illustratør blir send ut på turné saman med formidlarar til alle folkebiblioteka i dei ulike bokLEK-fylka. Til Drangedal kom bare formidlaren. «Det runde problemet» gjeve ut av Vegard Markhus på Aschehoug i 2020 var det barna i Drangedal fekk servert.
Denne boka handlar om Robert som ikkje klarar å smile. Alt er bare rot. Og då han snublar i ei rund greie som ligg på golvet, skjønar Robert at han har eit problem. ¨
– Dette er ei morosam og absurd bok om å sakne noko ein ikkje heilt veit kva er, opplyser bokLEK.
Det var Marianne Sundal som kom på besøk og snakka med barnehagebarna frå Drangedal. Det toga også inn barn frå Heirekshaug barnehage som hadde teke beina fatt til biblioteket då føredraget med Sundal straks skulle fortelje om boka.