Herold

Taket på containar trefte brua

Plus
Kilde: BA Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-12 14:32:25
Taket på containar trefte brua

Eit tak blåste av ein lastebil på Hagelsundbrua. Sterk vind og lange køar.

Eit tak blåste av ein containar festa på ein lastebil på veg over Hagelsundbrua i halvfiretida torsdag ettermiddag.

Det skapte lange køar i begge retningar. Politiet dirigerte trafikken i medan entreprenør var på veg.

Den kraftige vinden vrengte taket over rekkverket og laga skader på rekkverket.

Lastebilen stoppa opp på Flatøy-sida av brua.

Vinden skapte utfordringar for både politiet og entreprenør på staden.

Ifølge Yr er det liten kuling med vindkast på 22 m/s.

– Bilbergar er på veg, men står fast i trafikken. Det er ikkje nokon skade på personar, sa Steinar Haustvik ved politiet sin operasjonssentral.

Klokka 15:45 var entreprenør på plass for å fjerne det deformerte taket og plukke opp restar på vegen.

Ved hjelp av kran vart taket plassert på planet og frakta vekk.

Klokka 15:55 melder NH sin reportar på staden at vegen er opna att og at trafikken går som normalt.

🏷️ Extracted Entities (5)

Hagelsundbrua (entity) Flatøy (place) NH (entity) Steinar Haustvik (person) Yr (entity)