Herold

Elfly på Leirin – galskap eller sunn fornuft for Valdres?

Plus
Kilde: Valdres Author: Tor Olav Hjelleset, Steinsetbygda Published: 2026-03-12 14:49:00
Elfly på Leirin – galskap eller sunn fornuft for Valdres?

Isolert sett hadde det vore fint å kunna nytta eit stort, grått areal rett ved ein kraftig trafo på regionalnettet til solceller. Men når dette arealet er rullebanen på Leirin, vert prisen altfor høg.

Spørsmålet er: Skal vi i Valdres fortsetja å stange i køen ved Sandvika, eller skal vi kople oss på elfly-revolusjonen og opna dalføret for verda?

Statens vegvesen byggjer ut E18 Vestkorridoren for 60-70 milliardar, ein sum som svarar til godt over 10 000 kroner per nordmann. Likevel er det eit faktum at reisetida frå Sandvika til Oslo ikkje vil verta kortare – ein byggjer seg berre til meir trafikk. Kvifor bruka fleire tiår på eit vegprosjekt som ikkje sparer oss tid, når vi kan fly over heile elendigheita på 25 minutt? Ta med at det må setjast opp nye bomstasjonar som gjer at det kan koste rundt 100 kroner ein veg å nytte denne vegen frå Sandvika til Oslo når/om den står ferdig om nokre tiår.

For alle som skal reisa vidare frå Gardermoen, eller som jobbar i hovudstaden, er dagens kollektivtilbod frå Valdres rett og slett elendig. Det er få avgangar, dyrt og lang reisetid. Med elfly frå Leirin landar du rett ved gaten på OSL på under ein halvtime. Herfrå går det lynraske og hyppige tog vidare til Oslo S.

MDG har foreslege eit nasjonalt månadskort på kollektivtransport til 499 kroner. Det er ingenting i vegen for at også flyreiser frå Leirin og kortbanenettet kan inkluderast i månadskortet i tillegg til transporten frå OSL til Oslo. Har du først teke flyet frå Leirin, reiser du i praksis gratis med tog, buss, bane og trikk resten av månaden. Du slepp unna dei dyre parkeringshusa til 2000 kroner veka, for du har parkert bilen trygt og gratis heime på Leirin.

Mellom Oslo og byane Bergen, Trondheim og Stavanger går det i dag over 75 daglege flyavgangar. Dette er blant dei travlaste flyrutene i Europa. Sjølv om elflyet brukar noko lengre tid på grunn av eit ladestopp på Leirin, er det svært sannsynleg at ein stor del av desse passasjerane vil velja den utsleppsfrie avgangen. Med eit så enormt passasjergrunnlag treng vi berre ein liten brøkdel av dei reisande for å fylle elflya våre fleire gonger dagleg. Leirin er den strategiske lade-stasjonen som gjer dette mogleg.

I dag finst det knapt hyttefolk frå Stavanger, Trondheim eller Kristiansand i Valdres. Ei reise på 7-10 timar i bil er ein barriere for ein vanleg helgetur. Med elfly-ruter og Leirin som lade-hub opnar vi ein heilt ny marknad. For å løysa reisa vidare frå flyplassen, kan vi ha ei leigebilløysing ståande klar på Leirin.

Dette opnar også for ein enorm økonomisk gevinst: Vi har tusenvis av hytter i Valdres som står tomme mesteparten av året. Med rask og enkel tilgang frå heile landet og utlandet, vert det plutseleg realistisk å leige ut desse hyttene i vekedagane og utanom sesong. Det betyr meir pengar til hytteeigarar og meir handel hjå lokale kjøpmenn, handverkarar og servicepersonell som gjer hyttene klare for neste utleige.

Elfly er ikkje lenger ein fjern draum. Fly som Alice frå Eviation og ES-30 frå svenske Heart Aerospace er allereie i lufta eller i sluttfasen av sertifisering for kommersiell drift. Dei første flytypane med 9 til 19 sete er perfekte for eit prøveprosjekt på Leirin. Ein elmotor har ca. 90 prosent færre rørlege delar enn ein jetmotor, noko som gjer driftskostnadene så låge at det er fullt realistisk å inkludera flyginga i kollektivtilbodet. For ein pendlar betyr dette alt: Du kan arbeide full dag i Oslo og likevel rekkja å henta i barnehagen i Valdres før stengetid, i staden for å stanga i køen ved Sandvika.

Reisevegen frå Vang eller Beitostølen til det planlagde nye Mjøssjukehuset ved Moelv er i dag ei utfordring på 2-3 timar kvar veg bak rattet. Elfly kan frakta pasientar direkte til Stafsberg (Hamar), eller til flyplassar nær sjukehus i Oslo, Bergen og Trondheim, langt meir effektivt enn dagens pasientreiser. Og har du nokon gong prøvd å parkera på eit sjukehus? Ved å bruka elfly slepp du heile parkeringskaoset; du har allereie bilen ståande gratis heime på Leirin.

Til slutt: Vi treng solceller, men plasser dei på dei gyselege, gigantiske firkanta boksane som Leira og Fagernes i dag vert fylte opp med. Ei 2000 meter lang rullebane med ferdig trafo-kapasitet er ein uerstatteleg ressurs vi aldri får tilbake.

Lat oss utfordre politikarane: Stopp milliardsløsinga på E18. Sats på elfly, ta vare på Leirin som ein strategisk lade-hub, og gje Valdres ein reell moglegheit til å lata bilen stå.

Flyplass eller solkraftverk? To politikarar møttest til disputt på Leirin

Bekrefter solkraft-plan på Leirin: – Arealet er godt egnet

Bård Hoksrud på besøk i Nord-Aurdal: – Skal det vere utvikling, treng ein å få lov

🏷️ Extracted Entities (22)

Leirin (entity) Oslo S. MDG (organization) Sandvika (entity) Trondheim (place) Bergen (entity) E18 Vestkorridoren (organization) OSL (entity) Stavanger (entity) Beitostølen (entity) Bård Hoksrud (person) Europa (entity) Eviation (entity) Fagernes (place) Gardermoen (entity) Heart Aerospace (person) Kristiansand (place) Leira (entity) Mjøssjukehuset (entity) Moelv (entity) Nord-Aurdal (place) Stafsberg Hamar (person) Vang (entity)