Herold

Lokal kampsak ivaretatt i budsjettforliket: Avgiftsfritaket for fiskebåtar i utanriksfart blir vidareført

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2025-11-29 23:54:08
Lokal kampsak ivaretatt i budsjettforliket: Avgiftsfritaket for fiskebåtar i utanriksfart blir vidareført

Forliket mellom Ap, Senterpartiet og Rødt om statsbudsjettet inneber vidareføring av fritaket for CO₂-avgift for fiskefartøy i utanriksfart. Dette har sidan i sommar vore ei viktig kampsak for både næringsliv og politikarar i Eigersund.

Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Rødt inngjekk laurdag kveld avtale om statsbudsjettet, ein avtale som ikkje har fleirtal i Stortinget ettersom dei to andre partia på raudgrøn side, SV og MDG, ikkje er med på forliket.

14 millionar ekstra til Dalane-kommunane med budsjettavtalen i Stortinget: – Større handlingsrom og mindre byråkrati

I avtalen mellom dei tre partia står følgande om ei sak som har stor betydning for fiskeri- og servicenæringa langs kysten, i høg grad også i Eigersund:

«Regjeringen skal sikre at fiskeflåtens adgang til å bunkre som skip i utenriksfart videreføres, i første omgang inntil regjeringens varslede gjennomgang av klimatiltakene overfor fiskeflåten er gjennomført.»

I ei pressemelding frå Fiskebåt, havfiskeflåten sin organisasjon, framgår det at formuleringa er i samsvar med det organisasjonen spelte inn til Senterpartiet i sluttfasen av forhandlingane.

– Me har hatt møte med Senterpartiet, blant andre forhandlingsleiar Bjørn Arild Gram, og er svært godt fornøgd med at partiet har fått gjennomslag for dette kravet i krevande forhandlingar. Me vil òg gi honnør til Ap og Rødt, seier Audun Maråk, som er direktør i Fiskebåt.

Organisasjonen trekker fram ei rekke forhold som gjer at avgiftsfritak for fiskefartøy i utanriksfart er viktig for kysten.

– Det er viktig for beredskapen, dei maritime servicenæringane langs kysten, leveransar av fisk til norsk foredlingsindustri og for konkurransesituasjonen for både fiskeflåten og bunkersanlegga langs kysten, heiter det i pressemeldinga.

I Eigersund er det nettopp bunkersanlegg som har vore i fokus i forbindelse med denne saka. Kolbjørn Rogstad, som er dagleg leiar ved H. E. Seglem AS sitt bunkringsanlegg i Egersund, har fleire gonger i sommar og haust uttalt seg i Dalane Tidende om dei svært negative konsekvensane han har sett føre seg dersom fiskefartøy i utanriksfart ikkje skulle vera fritatt for CO₂-avgifta.

– Ein nedtur for heile kysten, kommenterte han då regjeringa i oktober la fram budsjettforslaget sitt. Forslaget la opp til at avgifta skulle oppretthaldast, mens kompensasjonen skulle aukast.

Kutter ikke avgiften, men øker kompensasjonen: – En nedtur for hele kysten

Fritaket for CO₂-avgift for fiskefartøy i utanriksfart blei i utgangspunktet fjerna frå 1. juli. Hensikta var å få ned klimagassutsleppa. Men krass kritikk mot tiltaket frå næringa og mange politikarar fekk regjeringa til å gi etter. Men fritaket blei i første omgang bare gjeninnført for eit halvt år, fram til 1. januar 2026.

Rogstad såg mørkt på ei eventuell fjerning av fritaket igjen frå årsskiftet.

– Då kan me gløyma alt av utanlandske båtar frå 1. januar, med dei konsekvensane det i tillegg vil ha for fiskemottaka, servicenæringa og hamna generelt, kommenterte Rogstad.

Han meinte at H. E. Seglem ville stå i fare for å mista opp mot 60-70 prosent av omsetninga ved bunkringsanlegget i Solkrone.

Organisasjonen Fiskebåt legg nå til grunn at vidareføring av avgiftsfritaket også blir resultatet etter stortingsbehandlinga av statsbudsjettet. Partia på borgarleg side har heile tida vore imot at fiskefartøy i utanriksfart skal måtta betala CO₂-avgift.

Kolbjørn Rogstad tok jobben og – på ein måte – Bente Gravdal med seg på ferie