Herold

Kunstnaren måla seg inn i striden om kraftlinja til Eigerøy

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-11-30 05:00:00
Kunstnaren måla seg inn i striden om kraftlinja til Eigerøy

Kunstnaren Ole-Marcus Torsnes har brukt penselen i eit debattinnlegg i striden om kraftlinja til Eigerøy. Biletet hans blir å sjå på juleutstillinga i Skrivergården.

Tankevekkar

Open utlysing

Humor, fantasi, fødsel

Avbrekk frå Julebyen

Tradisjon

Ole-Marcus Torsnes, ein av utstillarane på juleutstillinga i Skrivergården i Egersund, bidrar med eit måleri som går rett inn i samfunnsdebatten. Han har kalla biletet «Før høgspentmastene kjem på Eigerøy». Historia bak er som følgjer:

Etter at Ole-Marcus Torsnes flytta frå Stavanger til Leidlandshagen på Eigerøy i sommar, fann han seg til rette med staffeliet sitt ute i naturen. Ein dag kom ein joggar forbi på stien og stoppa for å drøsa. Då kom det fram: Han sat og måla akkurat der Dalane Energi, gjennom selskapet Enida, vil leggja den omdiskuterte kraftlinja si.

– Me syntest begge at dette var ein dårleg idé, og me snakka litt om det, fortel han.

Diskusjonen prega det vidare arbeidet med måleriet, som han reknar som eit innlegg i debatten.

Torsnes fortel at han ikkje har for vane å engasjera seg i samfunnsdebatten med bileta sine, men at han saktens har gjort det før òg. I 2017 laga han illustrasjonar til nyheitsbiletet gjennom året.

Han meiner kunsten kan spela ei viktig rolle i samfunnsdebatten.

– Ja, det vil eg seia. Kunsten kan bevisstgjera og informera – og vera ein tankevekkar, seier han og legg til:

– Om all kunst skal vera politisk, veit eg ikkje. Det kan bli litt vel mykje, òg.

Ole-Marcus Torsnes var ein av dei som responderte på den opne utlysinga i førekant av årets juleutstilling på Skrivergården. Alle som driv med biletkunst i ei eller anna form, har hatt anledning til å melda seg interesserte.

Alle som har meldt seg har fått utstillingsplass. Dei fleste bidrar med to bilete kvar. 50 arbeid blir stilte ut.

– Heilt perfekt for denne utstillinga, seier Miriam Løining i Skrivergårdens Venner. Ho har kuratert utstillinga saman med Wenche Sunde.

Dei to er begge biletkunstnarar, og begge bur i Egersund.

Ole-Marcus Torsnes er tilknytt det kreative kollektivet Studio S2. Det er Kari Urdal Johannessen og Inger Johanne Gjermestad òg. Begge stiller ut på juleutstillinga.

Kari Urdal Johannessen, *som bur i Egersund, er ein *allsidig illustratør som bruker tusj og akvarellfargar mykje. Ho bruker mykje humor og lar fantasien styra, men det ligg ofte ein djupare bodskap i bileta hennar.

Juleutstillinga i Skrivergården er open når Julebyen er open. Wenche Sunde anbefaler julebygjester som treng eit avbrekk frå alt det travle, å ta seg ei roleg stund i utstillinga eller i julekafeen i Skrivergården. Team Ueland sørgjer for kafédrifta den første helga, mens damene frå Saniteten stepper inn den andre julebyhelga.

Det blir òg diverse aktivitetar knytt til utstillinga:

Den første juleutstillinga i Skrivergården blei arrangert i fjor, og utstillinga blei ein suksess. Langt over 1.000 var innom og kikka, og det blei selt ein del bilete òg. Skrivergårdens Venner var derfor ikkje i tvil om at det måtte bli utstilling i år òg.

Heile første etasje skal fyllast med bilete. Arrangøren har lagt vinn på å visa fram veletablerte og nyetablerte kunstnarskap side ved side.

Skrivergården skal etter kvart bli universelt utforma. Med ein romsleg heis til andre etasje blir det mogleg å stilla ut bilete her òg.

Miriam Løining og Wenche Sunde ser føre seg at juleutstillinga kan bli ein tradisjon, og dei antar at fleire kunstnarar ønskjer å vera med når ordet spreier seg.

– Det er veldig kjekt å kunna samla dei som jobbar med kunst, slik at me kan støtta og bakka kvarandre opp, seier Miriam Løining.

Viss det etter kvart blir fleire som melder seg enn det er plass til, vil venneforeininga setja saman ein jury.