Vefa (6) tel ned til eid med ramadankalender
Meinigheita hyllar tiltaket.
Saken oppsummert:
- Ramadankalenderen brukes av noen familier som en måte å gjøre ramadan mer konkret og spennende for barna, på samme måte som adventskalenderen før jul.
- Kalenderen kan blant annet inneholde små gaver, godteri, bønnesetninger, gode gjerninger eller familieaktiviteter.
- Tradisjonen med ramadankalender er relativt ny og har ikke vært en del av oppveksten til mange, men den vokser i popularitet blant muslimer både i Norge og andre land.
- Ramadankalendere kan bidra til inkludering ved å skape likhetstrekk mellom ulike kulturer og tradisjoner.
- Sumeyye Aytekin og familien hennes kombinerer både norsk og muslimsk kultur ved å gi sønnen både ramadankalender og adventskalender.
- Ramadankalenderen hjelper barn med å forstå ramadans betydning og skaper fellesskap i familien.
Oppsummeringen er laget av en KI-tjeneste fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av NRKs journalister før publisering.
– Eg trur mange familiar har ønskt å gjere ramadan meir konkret og spennande for barna, seier Sumeyye Aytekin og fortset:
– På same måte som adventskalenderen skaper forventningar før jul, tel ramadankalenderen ned til id.
Heime i huset deira i Malvik i Trøndelag, så tel dei ned til id med ein ramadankalender. Der er det kvar dag noko nytt bak lukene.
Vefa (6) får både ramadankalender og adventskalenderen av mamma Sumeyye.
Seks år gamle Vefa synest det er kjekt med kalender.
– Kva fekk du i dag?
– Spider-Man og ein liten babyfigur, seier Vefa.
Men det kan vere mykje forskjellig bak lukene, forklarer mamma Sumeyye:
– Godteri, små leikegåver og små kort med bønnesetningar. Ei god gjerning for dagen, ei påminning om å dele med andre, eller små familieaktivitetar som ein gjer saman.
Meir konkret ramadan
Sumeyye er oppvaksen i Tyrkia og har budd i Noreg i åtte år saman med mannen og sonen sin. Ramadankalenderen er ikkje ein tradisjon dei har vakse opp med.
– Da vi var barn fanst det ikkje ferdige ramadankalenderen slik som i dag, men vi hadde sterkare tradisjonar som bar fram ånda i ramadan og mange andre tradisjonar.
Det er 30 luker som skal opnast under fastemånaden ramadan.
Og det er ikkje sånn at dette er ein ting som berre blir gjort i Noreg.
– I alle dei muslimske landa prøver ein å gjere slike typar tradisjonar, enda meir konkret for barna, enda meir spenning for barna.
Fleire kommersielle aktørar har begynt å produsere ramadankalendrar, blant anna konditoren Pascal Dupuy.
Du kan høyre intervjuet med han i Ukeslutt.
Kan bidra med inkludering
– Ramadankalendrar kan på same måte som adventskalendrar skape forventning og hjelpe barn med å kjenne på ramadans eigenart.
Det seier Umer Farooq, styreleiar i Det Muslimske Samfunnet i Trondheim (MSiT). Han trur kalenderen også kan bidra til inkludering i samfunnet elles.
– Vi trur dette fremmar ei positiv kjensle av inkludering i det norske samfunnet, der barn ser likskapsteikn med andre tradisjonar og religionar.
Styreleiar i MSiT, Umer Farooq, seier dei er positive til ramadankalendrar.
Han seier at dei er klar over dei som av kommersielle grunnar sel kalendrar, men at dei ønsker alle initiativ som styrker anerkjenninga av ramadan velkommen.
Farooq forklarer at det å gjere ramadan relaterbart for barn handlar om å vise dei familierutinar, forklare kvifor ein fastar og at ein får opplevd fellesskapet i ramadan.
Får også adventskalender
Tilbake i Malvik seier Sumeyye at Vefa også får adventskalender før jul.
– Fordi barna lever under to ulike kulturar. Vi vil gjerne prøve å passe på begge to, både den norske kulturen og den muslimske kulturen som Vefa er vakse opp i.
Og kvar dag vaknar Vefa tidleg for å opne kalenderen.
– Vi sa at han kunne opne kalenderen når han vakna, men nå vaknar han tidlegare og tidlegare og tidlegare kvar dag. Den siste dagen var det klokka 4. Da bestemte vi oss at han kanskje skal få opne i middagstider, humrar Sumeyye.