Herold

Blått er flott for Ida (81): Fyller Kulturbanken med fargar og symboltunge bilete

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-11-30 12:46:17
Blått er flott for Ida (81): Fyller Kulturbanken med fargar og symboltunge bilete

Bileta til Ida Husveg er metta med fargar. – Eg hamnar alltid i det blåe.

Fargesterke bilete

Englar – om ein vil

Dei komande to helgene held Ida Husveg måleriutstilling i Kulturbanken på Vikeså. Sjølv om det er 11 år sidan sist ho heldt utstilling, har ho vore like produktiv som alltid.

– Eg kan ikkje la vera å måla, seier 81-åringen.

Ho har måla i 40 år, og ho har vore innom dei fleste sjangrar og prøvd mange teknikkar. Ho har måla landskapsmåleri og stilleben, figurative bilete og nonfigurative.

Dei siste åra har mange av bileta hennar lege ein plass midt imellom dei to sistnemnde kategoriane. I dei halvabstrakte måleria hennar kan ein tydeleg sjå konturar av menneske, fuglar og dyr.

Felles for dei alle er at dei er metta med fargar. Fargar set kjensler i sving, har ho erfart.

Ho registrerer at ho stadig hentar fram tuba med blåfarge for tida.

– Eg hamnar alltid i det blåe. Blått er flott, konstaterer ho, utan å villa gå inn i ein refleksjon rundt kva blåfargen symboliserer.

Det kan uansett vera så mangt, meiner ho. Dessutan er det viktig at den som ser biletet, får laga sine eigne tolkingar. Det ho sjølv har tenkt på når ho har laga biletet, held ho for seg sjølv.

Ida Husveg

Den kristne trua er viktig for Ida Husveg, og englane og kristusfigurane kan skimtast i mange av bileta hennar, viss ein går inn for det. Viss ein derimot synest det er noko heilt anna ein ser, står ein heilt fritt, poengterer målaren.

Sjølv om ho vil helst vil halda litt igjen når det gjeld motiv og tolking, røper ho at eitt av dei nyaste bileta hennar er inspirert av eit vers frå boka Forkynnaren i Det gamle testamentet: «Gud gjorde mennesket rakt og rett, men dei prøver så mange slag påfunn».

– Mennesket er på flukt frå det som er det beste for dei, seier ho.

Som med mange av dei andre bileta ho har laga dei siste åra, tvinga motivet seg fram mens ho arbeidde. Sjølv er ho litt usikker på kva ho synest om resultatet, for biletet skil seg frå alt anna ho har laga. Men ho har fått gode tilbakemeldingar på det, og ho vurderer å ta det med i utstillinga.

– Kanskje eg tar det med og set det på golvet, ler ho.