Herold

Alf Olav (30) drøymde om eigen bustad: – Eg har ikkje foreldre som kunne hjelpe

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Jogeir Bigset Published: 2026-03-12 23:01:00
Alf Olav (30) drøymde om eigen bustad: – Eg har ikkje foreldre som kunne hjelpe

I håp om å redde unge ut av leigefella, vil politikarane i Karmøy dele ut lån for 90 millionar kroner med berre fem prosent i eigenkapital. Det skjer trass i at kommunedirektøren åtvarar om økonomisk risiko.

Oppsummering 'Kort oppsummert'

KARMØY: – Korleis skal eg få til dette?

Det spørsmålet stilte Alf Olav Rossland (30) seg fleire gongar då han var i 20-åra.

Terskelen for å komme inn på bustadmarknaden verka uoverkommeleg.

Den gongen studerte karmøybuen i Oslo for å bli førskulelærar.

Draumen var å kjøpe bustad på Karmøy når han flytta heim, men:

– Eg har ikkje foreldre som kunne hjelpe økonomisk eller stille som kausjonist, slik mange andre har. Då blir det veldig vanskeleg. Det skaper eit klasseskilje, seier han.

– Var heldige

Å spare opp nok eigenkapital når ein samstundes må leige, er krevjande.

– Nesten alle pengane går til å leige bustad. Og medan du sparer, aukar prisane på bustadmarknaden. Dei spring på ein måte frå deg. Det gjer det tøft å komme inn på marknaden, seier han.

Då Rossland og kona flytta heim til Karmøy, hadde dei jobba ved sidan av studia og greidd å setje av pengar på BSU-kontoar.

Det gjorde det mogeleg å kjøpe barndomsheimen til kona.

– Slik sett var me heldige, medgir han.

– Lønnsveksten held ikkje følge

Snart vedtar truleg kommunestyret at Karmøy innfører ei ny ordning med startlån til unge som etablerer seg for første gong.

Det vil redusere kravet om eigenkapital på 15 prosent.

Rossland (KrF), som i dag er den yngste representanten i kommunestyret, gler seg.

– Dette kan hjelpe unge inn på bustadmarknaden. Det gir økonomisk tryggleik og ein stabil busituasjon. Eg trur ordninga kan gi håp og framtidstru, seier han.

– Er bustadmarknaden eit samtaleemne blant venner og kjente?

– Dei fleste opplever at det er vanskeleg. Lønnsveksten har ikkje halde følge med prisane i bustadmarknaden, svarer han.

90 millionar

Nå foreslår kommunedirektøren at Karmøy skal ta opp eit lån på 90 millionar kroner frå Husbanken.

Dette er ei ny forsøksordning som rettar seg spesifikt mot folk som buset seg for første gong.

Kravet til eigenkapital blir redusert til fem prosent, og det blir strengare krav til spareevne og avdragsbetaling.

Etter ti år skal restlånet refinansierast i ein privat bank eller med ordinært startlån.

Då formannskapet behandla den sist måndag, blei den einstemmig vedtatt.

Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret kommande møte.

Vil fjerne klasseskilje

Høgrepolitikar Dag Inge Aarhus har jobba for å få på plass ei slik ordning heilt sidan 2020, og har fått Karmøylista med på laget.

– Mange har tatt kontakt fordi dei ønsker å busette seg i Karmøy, men manglar eigenkapitalen, sjølv om dei har god økonomi elles, seier han, og:

– Dette er folk utan foreldre som kan stille som kausjonistar. Me treng både lærar, sjukepleiarar og andre fagpersonar. Då er det viktig at me folkevalde leitar etter måtar me kan hjelpe.

– Heilt ko-ko

Leigemarknaden i Karmøy er sprengt.

Det fører til høgare prisar.

– Folk kjem inn i ein vond sirkel. Det er så dyrt på leigemarknaden. Det er heilt ko-ko, eigentleg. Folk betaler meir i leige, enn det hadde kosta om dei eigde huset. Dei greier ikkje å komme seg ovanpå, seier Aarhus.

Kommunedirektøren åtvarar

Denne nye forsøksordninga kjem i tillegg til den ordinære ordninga som gir startlån til innbyggarar med langvarige finansieringsproblem. Sistnemnde har ei utlånsportefølje på 658 millionar kroner.

I saksframlegget åtvarar kommunedirektøren mot at den økonomiske risikoen aukar viss prisane fell eller renta stig.

Det bekymrar ikkje høgremannen.

– Det er viktig for oss at folk skal eige sin eigen bustad. For kommunen er tapsrisikoen veldig låg, sidan bustad er noko av det sikraste ein kan setje pengar i, svarer han, og:

– Dette er lån til folk som har jobb og orden på økonomien. Dei manglar berre eigenkapital. Det er ei god investering for kommunen, som treng innbyggarar.

🏷️ Extracted Entities (9)

Alf Olav Rossland (person) Karmøy (place) BSU (entity) Dag Inge Aarhus (person) Husbanken (entity) Karmøylista (entity) Oppsummering Kort (person) Oslo (place) Rossland KrF (organization)