Kulturprisvinnar: Det er éin ting Per aldri gløymer om folk han treffer
Plus
Eit levande oppslagsverk når det kjem til lokalhistorie, og eit brennande engasjement i foreiningslivet; det er Per Spødervold i eit nøtteskal.
I godt selskap
Arven frå morfar
Feltarbeid med kaffidrøs
For sjenert til å engasjera seg
32 stafettar i Oslo-gatene
Bomtur frå Voss til Malmei
Kalendersjef
Manglar investeringslyst
Det kan veldig godt henda at Per Spødervold (71) veit kva tipptippoldemora di heitte, og kva ho hadde med seg i medgift då ho gifta seg med Peder. Og han veit iallfall kva årstal både tipptippoldemor og Peder var fødde. Men klisterhjerne, tja, det veit han nå ikkje heilt om han har.
– Eg hugsar aldri kva varene i butikken kostar. Men eg veit kva årstal folk er fødde. Når eg ser ein person, ser eg også fødselsåret hans eller hennar.
– Ja, og så pleidde eg alltid å hugsa tidene frå skøyteløpa me følgde med på før.
Sundag ettermiddag, på kulturdagsarrangementet som Bjerkreim kommune alltid steller i stand første sundag i advent, blei Per Spødervold tildelt årets kulturpris.
– Eg minnest då Jørgen Skjæveland fekk den aller første kulturprisen. I 1986.
Sjølvsagt hugsar han både året og vinnaren. Og ikkje minst synest han det er stas å vera i same selskap som skulelæraren som skreiv ned så mange lokale historier, blant anna i «Gamalt fraa Bjerkreim», utgitt i 1981.
For lokalhistorie, særleg historia om folk sitt liv og virke og hendingar dei kom ut for, er noko Per vier stor plass i livet sitt.
– Eg hugsar frå eg var liten at me ofte fekk besøk av grandonkel Tønnes Hegelstad, bror til farmor. Han fortalde mykje frå gamle dagar. Eg likte å sitja og høyra på når dei gamle snakka. Men det var nok først og fremst morfar min, Torvald Austrumdal, som sette fart på historieinteressa mi. Då han var 50 år, blei han hyrt inn av Instituttet for sammenlignende kulturforskning til å skriva om stølar i Bjerkreim. Eg fekk kjennskap til mykje gjennom han. Men han var tunghøyrd, og dei to-tre siste åra av livet hadde han kognitiv svikt. Eg var 19 år då han døydde. Då han ikkje kunne fortelja meg meir, gjekk eg til årbøker og andre skrifter. Eg las blant anna mykje i Rogaland historielag sine årbøker, «Ætt og heim», og årbøkene til Stavanger Turistforening.
Per arva morfaren si interesse for gamle stølar. Sprek og turglad som han er, har han trava mykje rundt i heia og tatt bilde av både godt bevarte, knapt synlege og, særleg i seinare tid, gjenoppbygde stølar.
– Austrumdalsstølen var flott – heilt til han brann ned i 1991, seier han.
Slektshistorie arbeidde han med nesten på fulltid ein periode.
– Eg blei med i komiteen for Bjerkreimboka. Då formannen, Tønnes Vikeså, døydde plutseleg, blei det eg som overtok. Det var i 1994. Til det siste av dei fire banda, som er eit slags register, gjekk eg rundt til folk og intervjua dei om den nære gardshistoria. Eg fekk kaffi i hundre hus det året, i 2000. Eg blei godt mottatt – med to unntak. Den eine hadde skjenkt seg opp og var i kranglehumør. Den andre hadde blitt senil og forstod ikkje kva eg ville vita.
Resultatet av feltarbeidet blei eit bygdebokverk i fire band, totalt 2.600 sider, forfatta av Lisabeth Risa. I tillegg blei Per sjølv eit ikkje så reint lite oppslagsverk.
– Ja, eg hugsar det eg fekk vita på alle desse kaffibesøka.
Bygdebokkomiteen, ættesogelaget, bygdeungdomslaget, idrettslaget, Bjerkreimsmarken, mållaget, maratonklubben – lista over alle lag og organisasjonar Per Spødervold har hatt eller har verv i, er imponerande.
– Maratonklubben har lege i dvale dei siste åra, presiserer han.
– Men eg prøver å følgja med når folk i bygda deltar på heil- og halvmaratonløp, og ajourføra listene over oppnådde tider.
– Har du alltid vore engasjert?
– Nei, slett ikkje. I tenåra var eg ikkje med i noko. Eg trudde ikkje at *eg *kunne slikt.
– Var du sjenert?
– Kanskje eg var litt sjenert, ja.
Det første han engasjerte seg i, var Bjerkreim bygdeungdomslag. Så blei han leiar i Bjerkreim ættesogelag.
– Eg trudde Perry Tengesdal bare spøkte då han plutseleg sa at eg skulle vera formann. Då var eg 29 år og hadde bare vore medlem i rundt eitt år.
40 år seinare er han ennå formann i laget.
– Du trudde ikkje at du var eit formannsemne, men det viste seg at du var det likevel?
– Det hjelper å ha gode folk å samarbeida med, folk som bidrar med tips og idear.
På eit vis har Per Spødervold fått kulturprisen éin gong før. Då Bjerkreim bygdeungdomslag blei tildelt prisen i 1991, var han redaktør av medlemsbladet Bræækte, og redaktøren var ein del av styret.
Idrett har kanskje ikkje hatt ein like stor plass i livet hans som lokal- og slektshistorie, men interessa har omfatta meir enn runde- og vinnartider i skøyteløp.
– Det var Magne Egeland, som eg var kollega med på Covent, som sa at eg måtte bli med å trena til Holmenkollstafetten. Eg visste kva det var, for dei hadde sending på radioen frå stafetten på den tida, og eg kjende folk som hadde deltatt.
Etter den første i 1983 blei det 31 holmenkollstafettar til for Per, alle for Bjerkreim idrettslag.
Skiløp begynte han å hiva seg med på litt tidlegare. Sesilåmi gjekk han første gong i 1977, andre året det blei arrangert. I Stavløpet på Stavtjørn var han med fast deltakar frå første stavtak i 1980.
– Då løpet blei etablert, sa eg at eg skulle vera med så det levde. Det klarte eg nesten å halda. Bare éin gong hadde eg forfall. Eg var på kurs i regi av bygdeungdomslaget. Løpet hadde blitt avlyst så mange gonger at eg tok sjansen på at det ville bli avlyst også denne gongen. Men det blei det ikkje. Ein annan gong var eg òg på kurs, på Voss. Då tok eg bussen til Bergen klokka 04.30 om morgonen – etter å ha vore på fest til klokka 03.00 – og fly vidare til Sola. Men då eg kom til Malmei, stod det skilt om stengt veg og avlyst løp, ler han.
Frå siste del av 90-talet blei det internasjonal schwung over skikarrieren hans.
– Då begynte Magne Sundvor å dra oss med rundt i verda. Han arrangerte turar til skirenn ulike plassar på kloden.
I 2001 blei Per valt inn i styret i Bjerkreim idrettslaget.
– Der har dei ikkje blitt kvitt meg ennå. Eg burde nok ha gitt meg for lenge sidan, for å sleppa til nye, seier han.
– Du står vel ikkje i vegen for nokon? Det kan jo henda at du har eigenskapar og ein kapasitet som blir sett pris på?
– Jau, kanskje.
I idrettslaget har han blant anna ansvar for å laga bildekalenderen som oppunder jul blir selt til inntekt for drifta av laget. I tillegg til fine bilde med tilhøyrande informasjon, gjerne litt historikk, er kalenderen kjent for aldri å gå opp i pris. Nå gjeld ikkje det lenger.
– I 30 år har kalenderen kosta hundre kroner. Men nå har dei bestemt å setja opp prisen til 150, seier Per og lar det skina igjennom at det ikkje er han sjølv som har trumfa igjennom prisauken.
Også Per har vore turarrangør, men turmåla har ikkje vore fjerntliggande.
– I mange år var eg, i samarbeid med Bjerkreim kommune, turarrangør og naturlos. I den mest aktive perioden, frå 2005 til 2015 hadde me to turar i året. Det var før alle brukte GPS og mobil på fjellet. Den sværaste turen gjekk frå Bjordal i Ørsdalen via Sirdal til Eigelandsdalen. Me hadde bestilt éin buss, men då det møtte opp hundre personar, måtte me få Bjerkreim bilselskap til å koma med éin til.
Per overtok heimegarden på Spødavoll som 35-åring i 1989. Men gardsarbeidet med mjølkekyr og sau har ikkje vore noko hinder verken for engasjement i organisasjonsliv eller for idrettslege aktivitetar.
– Eg får alltid tid til det eg må, og det eg har lyst til. Det er gildt når det skjer noko, og det er gildt å vera med på det som skjer. Som bonde er du nokså fri og kan skofta arbeidet av og til. Eg har heller aldri investert noko særleg på garden. Det ligg ikkje for meg. Eg er fornøgd med det som er. Når det i 2034 ikkje lenger er lov å mjølka på den gamle måten, med kyrne på bås, vil eg vera 80 år, resonnerer han.
Eit «arbeid» han aldri skoftar, er det å vera familiefar. Han blei gift og far i godt vaksen alder og har i dag tenåring i huset.
– Eg har alltid prioritert Elin (kona, journ, anm.) og Siri (15), forsikrar han.
Her er «cv-en» til årets kulturprisvinnar i Bjerkreim: