Mongstad står for halvparten av uønskte miljøhendingar ved Equinor sine landanlegg
Oljeraffineriet på Mongstad dominerer statistikken over alvorlege miljøhendingar på Equinor sine landanlegg. Fagforeining meiner at selskapet underrapporterer og underdriv alvoret.
Landets einaste oljeraffineri, på Mongstad i Nordhordland, har vore i hardt vêr dei siste tre månadane.
I desember melde Havindustritilsynet Equinor til politiet for uforsvarleg handtering av kreftfarleg stoff.
Same veka avslutta Økokrim fleire års etterforsking og kravde 720 millionar kroner frå Equinor for fleire forureiningsulukker og manglande vedlikehald.
Den største ulukka skjedde 7. juli 2021. Då kunne fire menneske ha mista livet på Mongstad.
36 hendingar siste fem år
Tilfeldigheiter gjorde at dei ikkje omkom av ei brennbar og giftig gassky på 40 tonn, ifølge granskinga i etterkant.
NRK har no henta ut ei oversikt over alvorlege miljøhendingar ved Equinor sine sju landanlegg i åra etterden ulukka.
18 av dei 36 miljøhendingane sidan 1. januar 2021 har skjedd ved Mongstad.
Kva er grunnen til at landets einaste oljeraffineri står for halvparten av desse hendingane?
Equinor: – Stort og komplekst anlegg
Kor alvorleg eit ukontrollert utslepp eller miljøhendingar er, blir kategorisert som «raudt, gult eller grønt» (sjå faktaboks).
Oversikta frå Equinor viser ulukkene og uhella med raud og gul alvorsgrad deira landanlegg har innrapportert til styremaktene dei siste fem åra.
– Det er ikkje bra med 18, og vi tar verkeleg alle hendingar alvorleg, seier anleggsdirektør Bernt Tysseland ved Equinor Mongstad.
Raud, gul og grøn alvorsgrad
Dei tre kategoriane ved ukontrollerte miljøhendingar er delte i fem alvorsgrader:
- Raud: dei mest alvorlege hendingane: 1. Enkeltutslepp med langvarig miljøpåverknad, eller høgare utslepp enn det forventa årlege utsleppet av ein komponent. 2. Enkeltutslepp med mellomlang miljøpåverknad, eller høgare utslepp enn dei forventa månadlege utsleppet av ein komponent.
- Gul: noko mindre alvorsgrad: 3. Enkeltutslepp med kortvarig miljøpåverknad, eller høgare utslepp enn det forventa vekeutsleppet.
- Grøn: låg miljøpåverknad: 4. Enkeltutslepp med liten miljøpåverknad, eller lågare utslepp enn forventa vekeutslepp. 5. Enkeltutslepp til omgjevnadane med uvesentleg miljøpåverknad.
Kjelde: Equinor
– Vi har høg aktivitet og er antakeleg det største og mest komplekse industrianlegget i landet, seier anleggsdirektør Bernt Tysseland ved Equinor Mongstad.
Samtidig understrekar han at dette er Equinors klart største landanlegg.
Med rundt 4,2 millionar arbeidstimar årleg står Mongstad for nesten 40 prosent av alle årsverka ved Equinors sju norske landanlegg.
Mongstadanlegget er like stort som store delar av Oslo sentrum eller Bergen:
Meiner selskapet «pyntar» på ulukkene
Forbundssekretær Idar Herland i fagforeininga Safe meiner storleiken til Mongstad berre delvis kan forklare ulukkesstatistikken der.
– Det er ikkje unaturleg at det største anlegget har flest hendingar. Men vi veit det førekjem underrapportering i næringa. Kanskje lista skulle vore enda lengre om ho skulle vore rett.
Herland meiner det er ein kultur for å underdrive alvoret.
Anlegget på Mongstad har totalt over 2000 kilometer med røyr.
– Det er veldig mange grøne som etter vårt syn skulle vore raude eller gule. Det er veldig fokus på å gjere hendingar grøne.
– Pynte på det?
– Ja, hendingar blir pynta litt på. Det er nesten som ein tradisjon i næringa. Det finst jo faste kriterium, men alt er relativt. Vi ser ofte at selskapa er «heldige». Viss grensa er 10.000 liter, så har dei sloppe ut 9500.
– Tilpassar dei utsleppsmengda?
– Ja, og ofte blir det ikkje rapportert i det heile, er mi erfaring.
Idar Herland i fagforeininga Safe meiner Equinor både underrapporterer og underdriv dei uplanlagde utsleppshendingane.
«Staten utfordrar Equinor»
Mongstad er det einaste oljeraffineriet i Noreg. Det er også landets største utsleppspunkt for klimagassar.
Dei siste tre månadane har staten på fleire vis utfordra Equinor Mongstad:
desember 2025: Havindustritilsynet (forkorta Havtil, tidlegare Petroleumstilsynet) melder Equinor til politiet. Bakgrunnen er at to arbeidarar i fem timar vart sette til å frakta den kreftfarlege kjemikalien nafta i opne bøtter. Dette er første gong tilsynet politimelder eit oljeselskap.
desember 2025: Økokrim gir Equinor bot og inndragingskrav på totalt 720 millionar kroner for manglande vedlikehald sidan 2001, og fem alvorlege utslepp ved Mongstad i åra 2016-2021.
januar 2026: Mongstad-anlegget har eit nytt utslepp av 850 liter gassolje.
Miljødirektoratet er bekymra for om Equinor har kontroll med drifta, og kritiserer selskapet for «ei ny hending i rekka» der «manglande vedlikehald og mangelfulle rutiner fører til utslepp ved anlegget».
Store aksjeeigarar som Folketrygdfondet og KLP seier dei vil ufordra Equinor på «om det er systematiske utfordringar ved drifta.»
Mongstad-sjefen avviser
I tillegg til den giftige gasskya sommaren 2021, inkluderer dei «raude» utsleppa rapporterte hendingar med nafta, krakkernafta og 1 million liter oljehaldig vatn ved Mongstad, og metanutslepp ved Kårstø.
Tysseland seier Equinor følger alle lovpålagde rapporteringsplikter. Han avviser «på det sterkaste» påstandane om underrapportering og underdriving.
– Vi har veldig låg terskel for å rapportere alt av uhellsutslepp over éin liter, uavhengig av konsekvens. Vi er der vi skal vere på det.
Han seier selskapet har eit veldig systematisk regime for handtering av alle hendingar.
– Uavhengige personar granskar alle alvorlege hendingar med tanke på læring og førebygging. Openheit og grundig rapportering er heilt avgjerande for sikker drift og for tillit.
Frå ei utsleppshending på Mongstad i 2020.
«Tenk på eit tal»
Herland i Safe meiner at ein bør ta Equinors måling av utslepp med ei klype salt.
– Eg har stått i oljelekkasjar sjølv, og det blir ofte litt sånn «tenk på eit tal». Kor stor lekkasjen er og kor mykje som blir samla opp, blir litt sånn synsing. Her er det nok mykje snusk, etter mi meining.
Mongstad-direktøren er ueinig.
– Til dømes viss slitasjeskade har gitt eit lite hol på eit røyr. Då må folk vi stoler på måle holet og berekne kor mykje som har kome ut. Det er automatikk i korleis vi gjer dette, med uavhengig personell.
Ein times køyring nord for Bergen ligg det einaste oljeraffineriet og største industrianlegget i landet.
– På rett veg
Seinare i år møter Equinor i retten fordi dei avviser pengekravet som Økokrim baserer på dårlege vedlikehaldsrutinar.
– Det er fleire grunnar til uhellsutsleppa vi har hatt. Ein kan ikkje seie at manglande vedlikehald er årsaka. Det kan skje feil hos oss og andre plassar, men vi har eit godt vedlikehaldsprogram, seier Tysseland.
Han meiner Equinor Mongstad er på rett veg.
– Målet vårt er null alvorlege hendingar. Det er vår viktigaste prioritet. Og det har vore ei veldig positiv utvikling. Vi har typisk hatt éi til to alvorlege utsleppshendingar årleg dei siste åra.
Professor Jørn Vatn ved NTNU er ekspert på utsleppsrisiko, vedlikehald og tryggleiksbarrierar i oljenæringa. At 18 av 36 miljøhendingar på fem år har skjedd på Mongstad, kommenterer han slik:
– Det er mange hendingar på Mongstad, og det kan tyde på at tilstanden der er dårleg.
– Men ingenting i oversikta frå Equinor tyder på at hendingane kan knytast til manglande vedlikehald, slik Økokrim gjer.
– Men det er ikkje sikkert koplinga deira er grunnlaus, dersom Økokrim har gått inn i selskapet og sett på oppfølging av sikkerheitskritisk vedlikehaldsetterslep, seier Vatn.