Herold

Kraft­selskap slår alarm – krev tiltak for å trygge straum­nettet mot sabotasje

Kilde: NRK Author: Oddgeir Øystese Published: 2026-03-12 20:54:48
Kraft­selskap slår alarm – krev tiltak for å trygge straum­nettet mot sabotasje

Eviny meiner sabotasje mot norsk infrastruktur er sannsynleg og ber oss lære av Ukraina når elektrisiteten skal tryggast.

Saka oppsummert:

  • Kraftnettet i Noreg er sårbart for sabotasje, hacking og droneoverflyging, ifølgje aktørar i energibransjen.
  • Ukraina har vist korleis effektive tiltak kan sikre straumnettet mot angrep, noko Noreg bør lære av.
  • PST vurderer sabotasje mot norsk infrastruktur som sannsynleg, og det blir kravd strengare tryggingstiltak som luftvern og droneforbod.
  • Kraftsektoren meiner styresmaktene må stille tydelegare krav til fysisk sikring, beredskap og evne til rask reparasjon.
  • Kostnaden for å sikre straumnettet er estimert til mellom 10 og 15 milliardar kroner, noko som krev politisk avklaring om finansiering.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Den nye transformatorstasjonen ved Mongstad i Nordhordland sender kraft ut til verksemder som er viktige for energiforsyninga til Europa.

Her, og på andre anlegg i regionen, har dei opplevd hackingforsøk, droneoverflyging og at tilsette vert oppsøkte av ukjende som vil ha informasjon.

Denne transformatorstasjonen er viktig for olje- og gassleveransar til Europa – og eit mogeleg terrormål, meiner kraftselskapa.

No meiner aktørar i bransjen at vi må vakne og forstå at kraftnettet vårt er sårbart for aktørar som ikkje vil oss vel.

Dei ber oss lære av kva som skjer i Ukraina, der nettet ofte vert sabotert. Der har dei gjort effektive tiltak for å sikre det.

  • I januar erklærte Zelenskyj unntakstilstand etter fleire russiske angrep mot kraftproduksjonen i Ukraina.

– Vi meiner at det som eit strakstiltak bør innførast eit sterkare luftvern og forbod mot droneflyging over anlegga, seier Ragnhild Janbu Fresvik. Ho er konsernsjef i energiselskapet Eviny.

Fresvik viser til at PST meiner det er sannsynleg med sabotasjeaksjonar mot kritisk, norsk infrastruktur.

Mogelege terrormål

Med på omvisinga på transformatorstasjonen er og Bård Vegar Solhjell, administrerande direktør i Fornybar Noreg.

Han avviser at dei prøver å skremme når dei no krev strengare tryggingstiltak.

– Kraftsektoren kan vere eit terrormål. Det seier eg ikkje for å vere alarmistisk, men for å påpeike at vi må investere i tryggleiken der, seier Solhjell.

Bård Solhjell i Fornybar Noreg eller Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.

– Styresmaktene må stille meir tydelege krav om fysisk sikring, trening og selskapa sin evne til å reparere anlegg etter sabotasje.

Han seier kraftselskap over heile landet no bør gjere som Eviny og andre på Vestlandet. Beredskap må løftast, meiner han.

Å sikre infrastruktur knytt til straum er anslått til å koste mellom 10 og 15 milliardar kroner.

Kven som skal ta rekninga er og eit punkt dei meiner må diskuterast på eit politisk nivå.

Stasjonen ligg på Monstad, som med Noregs einaste oljeraffineri er svært viktig for norske olje- og gassleveransar.

Har teke grep

Hjå Eviny og dotterselskapet BKK har dei allereie teke fleire grep for å trygge seg mot sabotasje.

Dei 1500 tilsette har blitt kursa i korleis dei skal verne informasjon. Den digitale informasjonen har blitt sikra betre.

Eviny viste fram den nye transformatorstasjonen på Mongstad.

Og så er evna til å kjapt kunne få nettet opp at etter sabotasje blitt kraftig betra.

Administrerande direktør Kristin Aadland i BKK seier dei har styrka den såkalla reparasjonsberedskapen.

– Styresmaktene seier vi skal klare å ta oss av to hendingar eller sabotasjeaksjonar samstundes i vårt område. Det bur vi oss på. Vi identifiserer kritiske punkt og jobbar med å få større kapasitet til å kunne fikse feil raskt, seier Aadland.

Ingen vil vedgå at norske styresmakter og kraftselskap har vore naive. Men dei meiner at det no hastar å ta truslar i ei uroleg verd på alvor.

🏷️ Extracted Entities (19)

Fornybar Noreg (person) Eviny (entity) Bård Vegar Solhjell (person) Norge 📁 (category) Samfunnssikkerhet og beredskap 📁 (category) Strøm 📁 (category) BKK (entity) Europa (entity) Kristin Aadland (person) Mongstad (place) Ragnhild Janbu Fresvik (person) Ukraina (entity) KI (entity) Monstad (place) Nordhordland (place) OpenAI (entity) PST (entity) Vestlandet (entity) Zelenskyj (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Strøm, Samfunnssikkerhet og beredskap
OpenGraph Title: Kraftselskap slår alarm – krev tiltak for å trygge straumnettet
Twitter Title: Kraftselskap slår alarm – krev tiltak for å trygge straumnettet