Herold

Arrangementet for kongeparet vert ved skulen på Dale

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan-Egil Dyvik Published: 2026-03-10 15:54:21
Arrangementet for kongeparet vert ved skulen på Dale

Når kongeparet kjem på besøk til Vaksdal kommune i slutten av mai, så vil det offisielle føregå i Dalesalen og utanfor Dale skule.

Det fortalde ordførar Hege Eide Vik (Sp) til formannskapet tysdag. Då hadde ho ein kort informasjon saka, slik at folk kan vita kva dette eigentleg går i, som ho sa.

Ute og inne på skulen

- Det skal først vera ein presentasjon på Dale skule inne i kultursalen, og den vil vera om kommunen med representantar frå alle skulane våre. I tillegg skal det riggast ei utescene ved skulen, der det også vert ein konsertdel i arrangement. Folk frå Statsforvaltaren og for dei som skal stå for tryggleiken, kjem på synfaring om to veker, og skal sjå på forholda, forklara Eide Vik.

Det er lagt opp til kollektivtransport til og frå arrangementet, og det lokale busselskapet er informert og bestilt i så måte, sa ordføraren vidare.

Markering for alle

- Me legg opp til ei markering og ein fest som me håpar at alle vil og kan verta med på. Det er ein del praktiske ting som må plass, og det vil verta avgjort den næraste tida. Men det er viktig å melda frå om dette alt no, sa Eide Vik mellom anna.

Litt lenger uti møtet vart det løyvt 500.000 kr til arrangementet, og fleire spurde om den halve millionen er sjå på som ei ramme for arrangementet.

- Lite erfaring med slikt

- Ja, me har ikkje så mykje erfaring med slike besøk, smilte kommunedirektør Jarle Landås, og la til at ein treng ei godkjenning frå politikarane om ei ramme.

- I og med at det er eit arrangement der kongeparet og alle gjestar skal vera både ute og inne, så krevst det ein god del, mellom anna ei overbygd utescene, og ikkje minst så må lyd og lys vera på plass, og alt dette kostar, forklara kommunedirektøren.

Visa fram kommunen

- Det er vel kanskje eit lite dilemma kor heftig og begeistra ein skal vera. Men me skal visa fram kommunen på aller beste måte og vil ha flest mogeleg med, så då vert det kostnader. Eg er innstilt på å følgja kommunedirektøren, sjølv om eg er republikanar, kommenterte varaordførar Kjartan Haugsnes (SV).

- Det er mykje pengar å bruka på eit slikt besøk, men eg har sjekka litt med andre som har teke imot kongeparet og det er i dette området kostnadene ligg, sa Ole Anders Brekkhus (Ap).

- Eg er definitivt ikkje republikanar, og eg er som mange andre glad for å få besøk av kongeparet. Samstundes tenkjer eg også at det me brukar sjølvsagt ikkje må gå utover drifta og dei tenestene me elles tilbyr innbyggjarane våre, understreka Boris Groth (Frp).

Lyd, rigging, scene og transport

- Eg skjønar godt at det vert stilt spørsmål ved pengebruken. Men, det er slett ikkje snakk om pomp og prakt til kongen. Dette er utgifter til lyd og rigging og transport og all annan logistikk som trengst ved slike høve som dette, sa ordførar Eide Vik.

- Ja, me har ein kongen og han skal me feira når han kjem på besøk, den kostnaden får me ta, avslutta Arve Rødland (INP), den korte debatten før formannskapet samla seg om å tilrå å bruka inntil ein halv million kroner på kongebesøket. Den endelege avgjerda er det kommunestyret som skal ta seinare.

Fylkestur

Det er onsdag 27. mai at kongeparet kjem på besøk til Vaksdal kommune. I ei melding frå kongehuset tidlegare i år heiter det mellom anna at kongeparet besøkjer Vestland i mai.

- Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga legg ut på ny fylkestur frå 26. til 28. mai. Fylkesturen startar i Etne kommune tysdag 26. mai. Onsdag går reisa vidare til kommunane Samnanger og Vaksdal. Fylkesbesøket vert avslutta torsdag 28. mai med eit besøk til Askvoll kommune, står det i meldinga.

Kongeparet besøkjer fire kommunar dei tidlegare ikkje har besøkt offisielt i Vestland. Kongeskipet «Norge» vil verta brukt under fylkesturen.

Halvannan time

Vaksdal kommune er ein av ni kommunar i landet som kongeparet ikkje har vore på offisielt besøk i. Det har vore sagt at Kong Harald har eit mål om å besøkja alle kommunar.

- Me har i fleire rundar invitert kongeparet, og no er det veldig stas at kong Harald og dronning Sonja kjem på besøk, sa ordføraren i januar, som ikkje lenge etter var i gang med planlegginga i samarbeid med slottet og statsforvaltaren.

- Tidsramma er 1,5 time, så det avgrensar jo ein del kor omfattande opplegg me kan ha. Det er jo også slik at det er nokre føringar for kor mykje fysisk forflytting for kongeparet ein kan leggja opp til, sa Eide Vik då.

Vaksdal får kongeleg besøk

- Det blir veldig stas å få kongeparet på besøk

- Kongeparet kjem! Det er jo ei kjempenyheit

Førebuinga er i gang til kongebesøket

Ein halv million til kongebesøket

🏷️ Extracted Entities (20)

Dale (entity) Eide Vik (person) Vaksdal (place) Harald (person) Vestland (place) Arve Rødland INP (organization) Askvoll (entity) Boris Groth Frp (person) Dalesalen (entity) Etne (entity) Hans Majestet Kongen (person) Hege Eide Vik Sp (person) Hennar Majestet Dronninga (person) Jarle Landås (person) Kjartan Haugsnes SV (organization) Norge (entity) Ole Anders Brekkhus Ap (person) Samnanger (entity) Sonja (person) Statsforvaltaren (entity)