Herold

VP-Cupen i Turbinen

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-03-10 23:01:00
VP-Cupen i Turbinen

Helga 20.-21. mars skal det bÄde skÄrast mÄl, men ogsÄ bommast, i VP-Cupen i Turbinen.

Det er samarbeidslaga Dale, Vaksdal og Stanghelle som stÄr bak.

- Me hÄpar mange vil vera med pÄ cupen i Är. TreningsframmÞtet for seniorlaga bÄde pÄ herre- og damesida har vore godt i vinter, sÄ me trur at det kan bli mange lag. I tillegg sÄ hÄpar me jo at ogsÄ at mange av dei som til dagleg ikkje spelar fotball vil hyva seg med, seier Geir Karstensen, som slik mange gongar fÞr er involvert nÄr noko skjer innan fotballen.

ArrangÞrane opplyser at det i Är ikkje vert bedriftsklasse. Dette grunna fÄ deltakande Är i denne klassen dei siste Ära.

I dame- og herreklassen skal det spelast kampar med fem spelarar pÄ kvart lag.

- Me hÄpar mange lag og spelarar blir med pÄ morocupen inne i Turbinen. Laga mÄ melda seg innan 13. mars, opplyser Karstensen.

đŸ·ïž Extracted Entities (6)

Turbinen (entity) Geir Karstensen (person) Dale (entity) Stanghelle (entity) VP-Cupen (entity) Vaksdal (place)