Årdal toppar lista – igjen: – Dette er store tal
Plus
Forklaringa er veldig bra for Hydro, men kanskje ikkje like bra for bygda.
Menon Economics utarbeider kvart år ei eksportmelding for Noreg. Der ser dei mellom anna på eksport per sysselsett i kvar kommune, utanom olje og gass.
I rapporten kjem det fram at medan Møre- og Romsdal er det fylket som eksporterer mest per sysselsett, er det Vestland som eksporterer klart mest i kroner og øre.
Auka med ein million
I reine kroner og øre er det framleis dei største byane som toppar statistikken. Oslo, til dømes, eksporterer for 226 milliardar kroner i året, Bergen for 107.
Men målt i snitt per sysselsett, tronar Årdal med sine knappe 5000 innbyggjarar igjen øvst på lista med 8,6 mill. Det er ein heil million kroner meir enn på same tid i fjor.
Dei mest eksportintensive kommunane i Noreg, målt i eksport per sysselsett (utanom olje og gass), er dominerte av små distriktskommunar med eit svært spesialisert næringsliv. Desse har ofte ei eller fleire store hjørnesteinsbedrifter, særleg innan kraftintensiv industri og sjømatnæringa.
Den høge eksporten for Årdal blir i all hovudsak driven av aluminiumsverket.
Årdal åleine eksporterte for 20 milliardar kroner dette året, ein 13. plass på lista totalt sett. Målt per sysselsett er Årdal, med sine i underkant av 2400 arbeidstakarar klart mest lønsam.
Store tal
– Dette skal me vera stolte av. Me toppa året før også, då med rundt seks millionar per innbyggjar. Men eg er kanskje litt meir pragmatisk tilnærming til dette enn mange andre. Dette er store tal i kroner og øre, men bak tala ser me at det er ein stor drivar: Hydro. Det betyr at denne eksporten er både konjunkturutsett og einsidig. Både Årdal og regionen skulle gjerne hatt større mangfald, uttala leiar i Årdal utvikling, Geir Hansen då rapporten vart publisert på same tid i fjor.
Lite har endra seg det siste året, sett vekk frå at snittet har auka med ein halv million per sysselsett og to milliardar samla sett.
Det er altså ikkje første året Årdal toppar statistikken over eksport per innbyggjar, men Årdal dreg frå dei andre. Og forklaringane på det er ikkje utelukkande positive.
Dette har nokre årsaker som er bra for Hydro, men mindre bra for Årdal. For første gong i nyare tid er talet på industrisysselsette i Årdal nede i rundt 1000. Ved starten av 2024 var talet 1081, men i mellomtida har Norsun gått konkurs og Hydro har vorte ein endå meir effektiv aluminiumsprodusent.
Nærmar seg 1000
Det vil seia at færre sysselsette sel meir produkt til ein høgare pris. I tillegg til at krona har svekkja seg mot dollaren i denne perioden. For ei bedrift som har utgifter i kroner og inntekter i dollar, er det bra butikk.
– Men eit meir effektivt aluminiumsverk gjer at det blir færre arbeidsplassar i Årdal, er konklusjonen.
Om ein ser tilbake i tid sysselsette industrien i Årdal om lag 1300 personar i 2003. Året etter vart den eldste elektrolysehallen til Hydro, Å3, lagt ned og over 100 personar vart utan arbeid. Så kom etableringa av to fabrikkar: Dooria og Norsun, og talet på sysselsette steig kraftig.
Dooria la ned i Årdal i 2011, og Norsun gjekk konkurs på tampen av 2024. Konsekvensen er at Årdal for første gong i nyare tid nærmar seg under 1000 industriarbeidsplassar.
Ingen eksporterer meir: – Litt flåsete seier me at utan oss stoppar Sogn